Tone Rønning Vike og Bjørn Vike syner fram prisdiplomet dei har fått frå Jenny Følling og Karen Marie Hjelmeseter.
Tone Rønning Vike og Bjørn Vike syner fram prisdiplomet dei har fått frå Jenny Følling og Karen Marie Hjelmeseter.

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

29-2 Aurland AS tildelt Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for 2018

Reiselivsverksemda 29-2 Aurland AS vil gje dei besøkjande minne som helst ikkje set spor i naturen. I dag vart både gode minne og positive spor i lokalsamfunnet heidra då den allsidige verksemda vann Bedriftsutviklingsprisen i Sogn og Fjordane.

I år er det seks år sidan ekteparet Tone Rønning Vike og Bjørn Vike og familien flytta frå Bergen til Aurland og overtok familiegarden. Dei har foredla den gamle bygningsmassen på garden gjennom restaurering, ombygging, påbygg og nybygg. Alt er utført med kvalitet og stor kreativitet, men med respekt for det gamle. I dag tilbyr dei ei eksklusiv oppleving for turistar som er ute etter ei anna oppleving i ein spesiell natur.

Held liv og lys i husa

- Da vi solgte huset vårt i Bergen og slo oss ned her i Aurland i 2012, hadde det ikke vært tradisjonell drift på gården på nærmere 30 år. Vi er “moderne” bønder; vi driver ikke med dyr, men bruker gårdens ressurser på en ny måte: elvefiske, kjøkkenhage, stølsbesøk, kulturformidling, og sist men ikke minst holder vi liv og lys i husa, seier ekteparet som har dreve garden sidan 2014.

Det populære gardshotellet er lokalisert ved Aurlandselva i Nærøyfjorden Verdsarvpark, der ekteparet driv med overnatting, servering og opplevingar i naturen. Alt tek utgangspunkt i ressursane på garden og nærområdet, i samarbeid med andre lokale aktørar. Verksemda har eit stort fokus på berekraftig reiseliv og har tilbod til turistar som er ute etter ei annleis oppleving.

29-2 Aurland AS har fått innpass i den såkalla “high-end”-marknaden og vender seg til ei betalingsvillig, velutdanna og sprek kundegruppe som søkjer softadventure-opplevingar i det unike fjell- og fjordlandskapet i Indre Sogn. Dei skreddarsyr pakkar og turar der dei ofte sjølve er guidar og serverer økologisk og lokal mat.

Om prisen

Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.

Juryen har bestått av Karen Marie Hjelmeseter, juryleiar og leiar i hovudutval for næring og kultur, Merete Støfring, Sogn og Fjordane Bondelag, Jon Anders Stavang, Fylkesmannen si landbruksavdeling, og Ann Elisabeth Tveit, Innovasjon Norge.

Prisen vart delt ut av juryleiar Hjelmeseter og fylkesordførar Jenny Følling ved opninga av fylkestinget i Balestrand fredag 19. oktober.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00