Bilete frå fylkesutvalet mai 2018. Jenny Følling, Tore Eriksen, Svein Hågård og Sigurd Reksnes sit ved møtebordet på fylkeshuset i Leikanger.
Bilete frå fylkesutvalet mai 2018. Jenny Følling, Tore Eriksen, Svein Hågård og Sigurd Reksnes sit ved møtebordet på fylkeshuset i Leikanger.

Tilskott til NM i friidrett på Byrkjelo var ei av sakene på dagsorden i fylkesutvalet 2. mai. Frå venstre fylkesrådmann Tore Eriksen, fylkesordførar Jenny Følling og Sigurd Reksnes (Sp). Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

200 000 kroner til friidrett-NM på Byrkjelo

Fylkesutvalet vedtok tysdag å leggje 100 000 kroner på toppen av dei 100 000 kronene som fylkeskommunen allereie har løyvd til NM i friidrett 2018.

I møtet i fylkesutvalet 2. mai vedtok politikarane at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal støtte NM i friidrett på Byrkjelo i Gloppen med til saman 200 000 kroner. NM vert arrangert av Breimsbygda idrettslag på Byrkjelo stadion 17.–19. august 2018.

Fylkesrådmannen har frå før vedteke å gi 100 000 kroner i støtte til arrangementet over fylkeskommunen sitt budsjett. Etter ein ny søknad frå arrangørane, vedtok fylkesutvalet å doble støtta ved å løyve 100 000 kroner ekstra frå sitt eige budsjett. Idrettslaget har òg søkt om spelemidlar som skal fordelast av hovudutval for kultur og næring i mai.

Marknadsfører fylket

Friidrett-NM er eit stort nasjonalt arrangement som trekkjer mykje folk og merksemd. Politikarane trur dette vil gje god marknadsføring av Sogn og Fjordane og skape ringverknader for idrettsmiljøet, organisasjonslivet og næringslivet.

– Med 5–6000 publikummarar på tre dagar er det mykje folk innom Byrkjelo desse dagane for å sjå og oppleve idrett av topp klasse, dette gjev ein unik muligheit å vise fram anna som vi er gode på, skriv arrangørane i søknaden.

Saksdokument og protokoll frå møtet i fylkesutvalet 2. mai

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568