170 deltakarar på konferansen "Auka fysisk aktivitet for barn og unge - frå viten til praksis"

Konferansen vart avvikla på Fossbygget i Sogndal 11. og 12. mai, og var spesielt retta mot tilsette i skule og barnehage og mot politikarar og leiarar. Ferske forskingsresultat vart presentert av Jostein Steene-Johannessen og Geir Kåre Resaland frå Høgskulen. Per Tøien frå Norges Idrettsforbund presenterte den frivillige idretten sin innsats, rolle og ansvar. Vi fekk høyre korleis dagleg fysisk aktivitet vert organisert og gjennomført ved Hafslo barnehage og ved Trudvang skule i Sogndal og kva verknader dette har for barna og elevane. Geir Kåre Resaland si forsking viser m.a. at dei elevane som i utgangspunktet er minst fysisk aktive har størst helsemessig gevinst ved at Trudvang skule innførte dagleg fysisk aktivitet.

Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff presenterte fylkeskommunen si rolle på området fysisk aktivitet, og deltok i panelet saman med Julie Daling og Jostein Steene-Johannessen. Panelet vart leia av Georg Arnestad.

Det humoristiske innsalget sto Per Inge Torkildsen for med sitt skeive blikk på tematikken med "Kunsten å miste all lyst til å vere fysisk aktiv".

Les fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes sin opningstale her PDF document ODT document

Del dette:

Relaterte lenker