17. mai-tale Haukedalen

Fylkesordføraren held i 2019 17. mai tale i Haukedalen. 

17.mai tale 2019, Haukedalen

Gratulerer så mykje med nasjonaldagen til alle frammøtte!

Den norske nasjonaldagen feirast til minne om opprettinga av Grunnlova. Dagen markerast over hele Norge, og kvar by og bygd har sine meir eller mindre særeigne tradisjonar. Barnetoget, spenninga, festkledde born og forventinga frå dei minste gjev oss kvart år ei påminning om kvifor nasjonaldagen er vår største festdag!

Det er viktig å lære born og unge at 17. mai er ein festdag som handlar om meir enn pølser, is og bunad. Grunnlova vi fekk i 1814 var startpunktet for det moderne norske demokratiet og den sette folket i sentrum for statens styre. Når vi ser ut frå landegrensene og ut i verdssamfunnet, ser vi at demokrati og fred slik som vi opplev i Noreg ikkje er noko ein skal ta for gitt. Vi som bur i dette flotte landet vårt er utruleg heldige, og eg tykkjer denne dagen er eit godt høve til å vere litt ekstra takksam for det.

Eg har vakse opp i nabobygda til Haukedalen, Viksdalen, og veit å setje pris på godt naboskap. Naboskap kan vere livsviktig i ei krise, og betyr mykje når vi lev i djup fred, som vi gjer i Noreg i dag.

Det er i år 79 år sia andre verdskrig starta, og Noreg vart røva for sin fridom. Det betyr òg at det er 74 år sia vi feira at krigen var over, og Noreg igjen eitt fritt lang. Frigjerings- og veterandagen 8. mai vart i år markert rekordmange stader i fylket vårt; i Nordfjordeid, i Førde, i Sogndal, i Høyanger, i Florø og i Bremanger, dette er gledeleg å sjå. Det er viktig å minnast denne dagen og ikkje gløyme historia vår, og det er viktig å gje respekt og anerkjenning til forsvarsveteranane våre.

Vi skal heller ikkje gløyme alle motstandskjemparane og modige kvinner og menn som levde i Noreg under krigen

Grunnlovsdagen er ei høve til å stoppe opp og tenkje litt ekstra over de grunnleggjande verdiane i vårt samfunn. Korleis skal vi bevare dei gode verdiane for ettertida, og korleis skal framtidas samfunn sjå ut? 

Klima og miljø er ei sak eg meiner det er viktig å nemne òg på ein festdag som denne, og spesielt når vi talar om framtida. Det er ingen tvil om at vi må ta klima- og miljøutfordringane på alvor. Vi må ha ambisiøse målsetjingar om å  redusere utsleppa. Vi må førebu oss på klimaendringane, og tilpasse oss dei utfordringane som kjem. Vi bur alle på den same jordkloden, og vi må alle dra i same retning dersom vi skal lukkast. Klimaomstilling stiller store krav til oss politikarar, og det er ein lang og dynamisk prosess som krev godt samarbeid og dialog mellom ulike faggrupper, ulike nivå, forskingsmiljø, utdanningsinstitusjonar, fylke og kommunar. Klima- og miljøpolitikk må vere integrert i alt vi gjer, og klimapolitikken må utformast slik at han underbyggjer andre viktige samfunnsomsyn. Ein ting er i alle fall sikkert; vi må finne nye løysingar på mykje, frå energiproduksjon til fleire matkjelder, og på Vestlandet er det særs gode høve for å delta i ei spanande og nødvendig utvikling.

Vestland fylke er i støypeskeia, og det er mange prosessar som går føre seg samstundes. Eg meiner at kultur i denne samanhengen er utruleg viktig. Vestland fylke må bli motor i utviklinga av den vestnorske kulturen. Vi har rike og gode tradisjonar heilt frå Edvard Grieg og Nikolai Astrup til Linda Eide, som vart kåra til årets Hordalending. No er hennar program Språkteigen vorte så populært at det vert flytta til helgeunderhaldning. Vi har eit mangfald av artistar, kunstnarar, teater og ikkje minst den nasjonale scene og KODE i Bergen. I Førde har vi Førde musikkfestival, som er svært anerkjent folkemusikkfestival, med artistar frå heile verda. Det nynorske språket er kanskje den aller tydlegaste og sterkaste identiteten vi har. Språket og kulturen vil bli viktige byggesteinar i det nye fylket.

Og nye Sunnfjord kommune i ein ny region, kvar høyrer vi heime? Eg er i alle fall viss på at innsikt i dagens situasjon er viktig, at ein har god oversikt og god relasjon til samarbeidspartnarane våre. Om det er nabokommunane, private aktørar eller nye Vestland.

Vi skal vere ei god vertskommune for alle som har tilhald i kommunen vår, vi skal vise samhandlingsevne, og støtte dei som viser initiativ og handlekraft. For Sunnfjord må vere attraktivt; for bedrifter å etablere seg i, for menneske å busette seg i og for turistar å besøke. Attraktivitet og vekst høyrer saman. Vi skal òg vere ei tydeleg stemme inn mot nye Vestland fylke, og ein relevant storkommune i det nye fylket.

Samstundes skal vi ikkje gløyme primærnæringane våre, og kva som er viktig i regionen vår. Vi blir ei stor landbrukskommune, og vi må ta vare på bøndene våre. Vi treng ein landbrukspolitikk som gjev levedyktige bruk på Vestlandet. Det må førast ein politikk som er innretta mot små og mellomstore bruk, som vi har flest av her i noverande Sogn og Fjordane. I fylket vårt er landbruket svært viktig for sysselsettinga. Sogn og Fjordane har gode føresetnadar for å produsere mat, og hovudproduksjonen er grovfôr, mjølk og kjøt. Vi har også gode føresetnader for frukt og bær, og er leiande i landet på både bringebær og morellar. Men små bruk, bratte bakkar og lange avstandar gjer effektivisering både vanskeleg og dyrt. Då er rammevilkåra avgjerande.

Eg trur at vi må freiste å sjå på landet vårt med nye auger, og finne løysingar for framtida. Vi må syte for at dei kommande generasjonane overtek eit robust samfunn, der vi har forvalta ressursane vi har vore heldige å ha mykje av i medgongstider, på ein god måte. Nye vegar og enklare åtkomst skapar nye bu- og vekstområde, og arbeidsmarknadane strekker seg langt vidare enn vi har sett tidlegare.  Vi kan ikkje vere redd for å endre samfunnsstrukturane våre, for endringane skjer uansett. Diskusjonen om prosessen lyt vi ta på ein mindre høgtidsstemt dag enn denne.

Grunnlova byggjer på ideen om menneskerettane, og stadfestar nokre av dei grunnleggjande rettane for enkeltmennesket, som ytringsfridom, eigedomsrett og vern mot tortur. Eidsvollsmennene var for sin tid framtidsretta og moderne. Lik som framtidas Noreg var utgangspunktet for eidsvollsmennene i 1814, må vi òg i dag ha et blikk for kva slags samfunn vi ynskjer framtidige generasjonar skal bygge videre på.

Eit av Grunnlovas fremste styrkar er at den lev i pakt med samfunnsutviklinga. Den er vanskeleg å endre, med den kan endrast – og har vore endra til saman over 300 gonger sidan 1814. Grunnlova har i over 200 år gradvis vorte endra i takt med folkestyret si framvekst, og symboliserer kontinuitet og fornying hand i hand. Grunnlovsdagen er ei anledning der vi både feirar fortida, men tillèt oss å vere optimistiske på framtida.

Det er eit nydeleg syn å sjå dei norske flagga vaie i vinden blant nyutsprungen bjørk, og eg lyt jo få sei at det er spesielt vakkert i fylket vårt, med blomande epletre, blågrøne fjordar og snøkvite toppar. Ein kan verkeleg kjenne nasjonalkjensla bruse i kroppen på ein slik dag, difor er det ekstra viktig å hugse på at 17. mai er ein dag der vi samlast, og ein dag som skal vere open og tilgjengeleg for alle.

Fellesskap er viktig for alle menneske, for at vi skal trivast og vere trygge. På høgtidsdagar som i dag skal vi vere ekstra rause, og eg trur vi alle kan bli litt flinkare til å sjå dei vi har rundt oss og inkludere nokon som kanskje ikkje har så mange rundt seg. Per Fugelli har sagt: «Ikkje vær et eittal på jorda. Bry deg om flokken din». Slik som dei modige kvinner og menn som på ulikt vis stod i kampen under krigen. Dei kjempa for vår felles identitet, og vår fridom. Med dei kloke og fine ord vil eg ynskje dykk alle ein fortreffeleg Grunnlovsdag og ei riktig god feiring!

Gratulerer med dagen!