Foto av bokstavar som formar ordet Innovation på ei glasplate.
Foto av bokstavar som formar ordet Innovation på ei glasplate.

Foto: Robert Occhialini/www.flickr.com

1,6 millionar til inkubatorar

Hovudutval for næring og kultur løyvde 26. september 1,6 millionar kroner i stønad til inkubatorverksemder i Sogn og Fjordane.

Ei inkubatorverksemd er ei verksemd som bidreg til å utvikle nye og innovative verksemder i ein tidleg fase. Inkubatoren tilbyr kompetanse og nettverk og tilbyr ofte nye verksemder administrative tenester og kontorleige.

Dei 1,6 millionar kronene går til Aksello (tidlegare Fram Flora) og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Støtta vart fordelt med 900 000 kr til Aksello og 700 000 kr til Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Begge er med å legge til rette for eit fylkesdekkjande inkubatorprogram som skal hjelpe gründerar og nystarta bedrifter med kapital og kunnskap i startfasen.

– Inkubatorane gjer eit viktig arbeid for å styrke satsinga på nyskaping i Sogn og Fjordane, seier leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.

I møtet vart det også løyvd 50 000 kr i støtte til NCE Tourism Fjord Norge til eit forprosjekt om verdisetting av naturbasert reiseliv.

Les meir om sakene som vart handsama i hovudutval for næring og kultur 27. september her.

For meir informasjon

Karen Marie Hjelmeseter
leiar, hovudutval for næring og kultur
karen.marie.hjelmeseter@sfj.no
918 47 736

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00