Moderne skulebygg ved kaia sett frå lufta
Moderne skulebygg ved kaia sett frå lufta

1,3 millionar til Fagskulen

1,3 millionar kroner frå regjeringa gjer det mogleg for Fagskulen i Sogn og Fjordane si avdeling i Måløy å kjøpe inn etterlengta simulator til maskinistlinja.

Regjeringa løyver i år 15 millionar kroner til maritime utdanningar i Noreg, og dei 1.296.500 kronene fagskuleavdelinga i Måløy får vil komme særs godt med.

– Det er veldig gledeleg, og når fagskulen stiller med tilsvarande beløp bør det dekke kostnadane til ein ny maskinsimulator, seier Lars Berle, leiar for maritim avdeling Måløy ved Fagskulen i Sogn og Fjordane.

Simulatorar er viktige for utdanninga og skulen har gode simulatorar for styrmannslinja. På maskinistlinja var det perfekt timing for ei oppgradering.

– Det er viktig å ha på plass for drifta av maskinlinja, seier Berre.

Maritim strategi

Fagskulen i Sogn og Fjordane tilbyr fagskuleutdanning i tekniske og maritime fag. Den har to avdelingar. I Førde tilbyr ein utdanning i elkraft, bygg, anlegg, automatisering og maskinteknikk. I Måløy er det toårig dekks- og maskinoffiserutdanning, som gir kompetanse som dekksoffiser (styrmann) eller maskinoffiser (maskinist).

Det var Bjørn Lødemel, stortingspolitikar frå Sogn og Fjordane, som kom med det gode bodskapet til Måløy på måndag. Dei 15 millionene regjeringa gir ut i år er ein del av deira maritime strategi, «Maritime muligheter – blå vekst for grønn fremtid».

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00