Foto frå teaterfestivalen i Fjaler 2017. Biletet syner fleire personar som bevegar seg oppå fjorden i store, blanke ballar.
Foto frå teaterfestivalen i Fjaler 2017. Biletet syner fleire personar som bevegar seg oppå fjorden i store, blanke ballar.

Teaterfestivalen i Fjaler. Foto: David Zadig

11 millionar til kultur og folkehelse

Sogn og Fjordane fylkeskommune tildelte i juni over elleve millionar kroner til kultur- og folkehelsetiltak i fylket. 

– Målet er auka aktivitet, sterk frivillig sektor og breidde i kulturtilboda, seier Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur.

Imponert og stolt

Midlane frå fylkeskommunen er fordelt gjennom driftstilskot til kulturorganisasjonar, støtte til spel og arrangør, støtte til festivalar, midlar til prosjekt og tiltak, støtte til kulturutviklingstiltak og midlar til folkehelsetiltak.

– Fylkeskommunen vil legge til rette for eit rikt kulturliv. Økonomisk støtte er eit av verkemidla for å byggje oppunder all den gode aktiviteten som skjer gjennom heile året og på festivalar, arrangement eller kortare tiltak, seier Ingebjørg Erikstad og held fram:

– Eg er imponert over og stolt av all kulturaktiviteten vi har i fylket. Det ligg utruleg mange dugnadstimar bak, og det er god kvalitet i kulturtilbodet i fylket.

Dei som har fått støtte

På lista over dei som får støtte finn vi mange fylkesdekkande organisasjonar, 13 festivalar, historiske spel, nye kulturarrangement- og prosjekt, samt ulike tiltak som vil vere med å styrke folkehelsa. I alt er det delt ut 11 193 000 kroner til kultur og folkehelsetiltak via Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Oversikt over alle som har søkt, og kva som er tildelt i støtte: (last ned pdf)

DRIFTSTILSKOT KULTURORGANISASJONAR Kr  
Stiftinga Den Norske Bokbyen 90 000    
Sogn og Fjordane symfoniorkester 100 000    
Sogn og Fjordane ungdomslag 60 000    
Sogn og Fjordane Folkemusikklag 200 000    
Vevringutstillinga 20 000    
Norges husflidslag 170 000    
Vestnorsk Jazzsenter 110 000    
Vestlandsutstillingen 100 000    
KFUK-KFUM i Sogn og Fjordane 90 000    
NMF Nordvest 230 000    
Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane - BKSF 15 000    
Brak 100 000    
Singerheimen 200 000    
Sogn og Fjordane mållag 10 000    
Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane 60 000    
Sogn og Fjordane Skrivelag 10 000    
Sogn og Fjordane krins av  NORGES KFUK-KFUM speidarar 15 000    
JAKOB SANDE-SELSKAPET 100 000    
Sogn og Fjordane husflidslag 160 000    
Folkeakademiet i Sogn og Fjordane 90 000    
4H Sogn og Fjordane 300 000    
Norges Korforbund Sogn og Fjordane 60 000    
Sum: 2 290 000    
     
SPEL OG ARRANGØRAR Kr Kommune
Elskhug og eksis 50 000   Eid
På sverdeggja 30 000   Selje
Kinnaspelet 100 000   Flora
Dalsfjordveka 15 000   Fleire
Danseverkstedet  20 000   Fleire
Pederhusets vener 30 000   Gloppen
Oratoriesolistene DA 20 000   Fleire
Norske symfoni-orkestres landsforbund, Vestlandsk sommarsymfoni 0   Eid
Skei Dansegalla 0   Jølster
Holkerock 0   Askvoll
Havblikk 0   Flora
Anders Alvoro Gjengedal Nydal, turné Hakkebakkskogen 0   Førde mfl. 
Sum: 265 000    
     
FESTIVALAR Kr Kommune
Fres festival 50 000   Vik
Utkant 100 000   Gulen
Målrock 50 000   Årdal
Fjordbluesfestivalen, Fjæra Bluesklubb 70 000   Gloppen
Balejazz 150 000   Balestrand
Jazz på Jølst, Jølster Jazzklubb 10 000   Jølster
Kulturfestivalen, NFU Sogn og Fjordane fylkeslag 70 000   Førde
Førde internasjonale folkemusikkfestival 3 311 000   Førde
Norsk countrytreff 727 000   Gloppen
Nynorske litteraturdagar 75 000   Aurland
Gloppen Musikkfest, festivalstøtte og utviklingsavtale 300 000   Gloppen
Teaterfestivalen i Fjaler 350 000   Fjaler
Malakoff rockfestival 100 000   Eid
Glopperock 0   Gloppen
Malakoff Rockfestival, utstyr / scene 0   Eid
Måløy havfiskefestival 0   Vågsøy
Eggstockfestivalen, AKKS 0   Bergen
Kalvåg kystfestival 0   Bremanger
Sum: 5 363 000    
     
PROSJEKT OG TILTAK Kr Kommune
Førde Bogeskyttarklubb, NM 2019 25 000   Førde
Forbundet Kysten, filmproduksjon trebåtbygging 30 000   Gloppen
Hornindal og Markane skyttarlag, NM 2019 10 000   Hornindal
Mari Askvik, kyrkjekunstserie "Fem i stein" 50 000   Leikanger mfl. 
Førde Volleyballklubb, utviklingstiltak 0   Førde
Svelgen opp og fram, Skovlhjul i sentrum 0   Bremanger
Ivar Orvedal, "Hildr" 0   Høyanger
Ivar Orvedal, "Postreptilia" 0   Høyanger
Bengt Ronny Landøy-Midtbøen, lokalhistorie 0   Askvoll
Svelgen turn- og idrettsforening, deltaking NM volleyball 0   Bremanger
Indre Sogn Kystlag, restaurering Storbåten 0   Sogndal
Stiftinga Sogndal Folkehøgskule, digital formidling ved 150-års jubileum 0   Sogndal
Lærdal seniordans, dansekveldar 0   Lærdal
Krunhjorten 4H, grillhytte 0   Bremanger
Solund skulemusikkorps, korpssamling 0   Solund
Stiftelsen Munthehuset i Ytre Kroken, utstillingar og program 0   Luster
Akademiske maur (Svanøy viseklubb), pop-up viseworkshop 0   Flora
Det Kongelige Selskap for Norges Vel, economuseum 0   Aurland / Balestrand
Sogndal songlag,  jubileumskonsertar 0   Sogndal
Dag Asle Mykløen, historisk film frå Oldedalen 0   Stryn
Espen Selvik, Wergelandskonsertane 0   Gulen
Janne Karin Støylen, vandringsbok Filefjellsvegen 0   Jølster
Luca Berti, foto og utstilling Filefjellsvegen 0   Lærdal mfl. 
Grindstone Security Dag Sørebø 0   Hyllestad
Sum: 115 000    
     
KULTURUTVIKLINGSTILTAK Kr Kommune
PreForm AS, driftstilskot 300 000   Fjaler
Vestnorsk filmsenter, driftstilskot 100 000   Fylkesdekkande
Sogn og Fjordane idrettskrins, skikrinsen 200 000   Fylkesdekkande
Sogn og Fjordane ungdomslag, Huset i bygda 150 000   Fylkesdekkande
Sogn og Fjordane turlag / FNF, ung meistring i vill natur 200 000   Fylkesdekkande
Friluftsråd i Sogn og Fjordane 200 000   Interkommunalt
Aud Marit Sk. Holmen/ Karen Helga Maurstig, Ord og sted 150 000   Luster
Førde kommune, Rom for ord 200 000   Fylkesdekkande
Creative Connections Norway, internasjonalt teaterprosjekt 50 000   Balsetrand mfl. 
Gamle Innvik ullvarefabrikk 100 000   Stryn
Anna Einemo Frøysland, danseframsyning 0   Lærdal
Jostein Avdem Fretland, produksjonshub for opera og scenekunst 0   Lærdal
KULLA Productions AS, Kunstfilm med handling i Stongfjorden 0   Askvoll
Fredrik Høstaker, scenekunstprosjekt "Gjenstand for" 0   Fjaler mfl. 
VY Designlab AS, bygge opp verkstad og utstillingslokale 0   Førde
Sum: 1 650 000    
     
FOLKEHELSE Kr Kommune
Førde kommune, inkluderingstiltak 100 000   Førde
Solund kommune, gratis måltid / styrke vaksenrolle 40 000   Solund
Nordfjord skyttarsamlag, inkludering, skyteopplæring 250 000   Fleire
Gym Stryn AS, tilrettelagt trening i skuletida 30 000   Stryn
Sogndal kommune, vidareutvikling av Møteplassen 100 000   Sogndal
Flora kommune / nye Kinn kommune, aktiv fritid for alle barn 50 000   Flora / Kinn
Sogn og Fjordane idrettskrins, fotballkrinsen utviklingsavtale 240 000   Fleire
Sogn og Fjordane Røde Kors, aktivt val, seksualundervisning 50 000   Fleire
Sogn og Fjordane Skikrins, Ski i skulen 100 000   Fleire
Fjaler kommune, Aktiv i HAFS 200 000   Fjaler mfl. 
SMISO, undervisning seksuell helse 100 000   Fleire
Dans utan grenser DUG 150 000   Fleire
Dagsturhyttene, forskingsprosjekt Vestlandsforsking 100 000   Fleire
Sogndal kommune, rusførebyggande arbeid 0   Sogndal
A.P. Tamilsk Kultursenter, tiltak barn og unge 0   Flora
Mari G. Jerstad, bruk av lokale nyttevekstar 0   Fleire
Solund IL, mosjon året rundt 0   Solund
Ytre Sogn Turlag, sommarcamp 0   Fleire
Spenst Florø AS, seniortrening 0   Flora
Høgskulen på Vestlandet, Active learning preschool 0   Sogndal
Flora kommune, fallførebyggingskurs 0   Flora
OnCue productions, Gøyanger 0   Høyanger
Normisjon region Sogn og Fjordane, friluftsfestival 0   Gloppen
Sogn og Fjordane turlag FNF, Nærtur 0   Fleire
Sum: 1 510 000    
     
TOTAL SUM KULTURMIDLAR OG FOLKEHELSEMIDLAR 2019 11 193 000    

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut