100 000 kr. til forstudien Forum/arena mellom aktørar på Fosshaugane Campus

Hovudutval for plan og næring løyvde i møte 15. juni 100 000 kr. til forstudien med prosjektmål å finne ut korleis det kan skapast meir verkst i fylket/regionen og få fleire kunnskapsarbeidsplassar.

– Fosshaugane Campus er eit kompetansesenter med eit enormt potensial for fokus på kunnskapsbasert næringsliv. Eit betre binneledd mellom Høgskulen, Vidaregåande skule, Vestlandsforskning og næringslivet er viktig, med eit hovudmål å få fleire kunnskapsbaserte stillingar og få ein større del elevar til å bli i fylket etter utdanning, heiter det i søknaden frå Sogn Næring.

– Det er eit viktig arbeid for fylkeskommunen å legge til rette for alle arbeidsplassar, men i tråd med fylkesplanmeldinga skal sterkare satsing på arbeidsplassar som krev høgare utdanning vektleggast, seier Kjartan Longva, hovudutvalsleiar for plan og næring, og legg til grunn at definisjonen av kompetansearbeidsplassar brukt i søknad er kunnskapsarbeidsplassar, altså arbeidsplassar som krev høgare utdanning.

Prosjektmålet i søknad er å:

  • Skape eit forum/arena saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal VGS, Vestlandsforsking og andre aktørar på Campus med fokus på kunnskapsbasert næringsliv og korleis skapa meir vekst i fylket/regionen og fleire kompetanse arbeidsplassar.
  • Kople kompetansenivå mellom aktørane på Campus.
  • Vurderer og eventuelt sette i verk samlokalisering av dei nærings- og utviklingsretta verksemdene (lokal næringsklynge/næringspark)
  • Lage eit samarbeidsprosjekt mellom dei største aktørane på Campus kor alle finansierar prosjektet i ei fast stilling som jobbar for alle aktørane ilag, frå våren 2012.

I søknad er det berre føresett finansiering frå kommunalt næringsfond og fylkeskommunen.

– Sjølv om dette er ei forstudie er det uheldig at finansieringa vert ei offentleg sak, i og med det er så mange aktørar frå næringslivet som er partar i prosjektet, heiter det i saksframstillinga som vart lagt til grunn for politisk behandling, og syner til at partane i prosjektet bør være tyngre inne også i finansieringa av forstudien.

– Det ligg eit større potensial i samarbeid på tvers av næringsliv, Høgskulen og Sogndal Vidaregåande Skule, Vestlandsforsking og andre aktørar på Fosshaugane Campus, og det er flott at Sogn Næring no initierer ei forstudie for å sjå på dei moglegheitene som er der, legg Kjartan Longva til, og håpar at næringslivet vil vere villige til å finansiere også deler av forstudien då dette er ei investering der næringslivet aktivt kan bestille kompetansen dei treng på sikt, avsluttar Longva.

Sogn Næring AS er eigd av Sogndal kommune og næringslivet i Sogndal. Styret er samansett av tre representantar for Sogndal kommune og tre representantar frå næringslivet.

På Fosshaugane Campus er det i dag om lag 550 menneske som har arbeidsplassen sin.

Møteboka vert lagt ut så snart den er klar.

Del dette:

Relaterte lenker