Bilete frå utdeling av fag-, sveine-, kompetanse- og meisterbrevet i Førdehuset 6. april 2018
Bilete frå utdeling av fag-, sveine-, kompetanse- og meisterbrevet i Førdehuset 6. april 2018

Foto: Ole Johnny Devik

– Vi treng flinke hender i åra som kjem

812 fagarbeidarar fekk fag-, sveine-, kompetanse- eller meisterbrevet sitt under den høgtidsame utdelinga i Førdehuset 6. april.

– Dagen i dag er ein milepåle, og de har all grunn til å vera stolte av dykk sjølve for å ha gått gjennom eit viktig, krevjande og vonleg gjevande opplæringsprogram, sa fylkesordførar Jenny Følling i sin tale til dei nye fagarbeidarane.

Fylkesordføraren delte ut fag-, sveine-, kompetanse- og meisterbreva saman med leiaren for fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane, Tom Knudsen (NHO).

Yrkesfaga sitt år

Fylkesordføraren viste til at 2018 er yrkesfaga sitt år, og la vekt på at fagarbeidarar er ettertrakta på arbeidsmarknaden og fortener respekt.

– Vi treng kloke hovud og flinke hender i åra som kjem. Det er mange  som ynskjer å syne fram meir av det som er bra med yrkesfaga, og rive fordommane ned. Når fleire ser at yrkesfag og fagskular er gode vegar til spanande jobbar, vil det bli enklare å velje ein yrkesfagleg retning for dei unge som skal velje i åra som kjem, sa Følling.

Mange fag

Av dei 812 fagarbeidarane som var inviterte til fag-, sveine-, kompetanse- og meisterbrevutdelinga i Førdehuset, var 527 lærlingar, 267 praksiskandidatar, 6 elevar i skule og 12 lærekandidatar. 284 kvinner og 528 menn har teke fag- eller sveineprøve siste året. Til saman representerer dei 68 ulike fag.

Det er fleire fag der berre éin kandidat har teke fagprøve. Det gjeld mellom anna blomsterdekoratørfaget, mediegrafikarfaget, sjømatfaget, modellbyggarfaget og serigrafifaget.

I dei store faga, barne- og ungdomsarbeidar-, tømrar-, helsearbeidar- og elektrikarfaget, har mellom 40 og 60 kandidatar teke fagbrevet i kvart fag.

Til utdelinga var òg dei tre kandidatane som har teke meisterbrev siste året inviterte. Dei representerer tre ulike fagområde.

Sjå bilete frå utdelinga på Flickr!

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00