– Svakast i landet, men ikkje heilsvart

Sogn og Fjordane er blant dei svakaste i landet når det gjeld befolkningsvekst. Det konkluderte Knut S. Vareide i Telemarksforsking med etter gjennomgangen av regional analyse i dag. Men heldigvis er ikkje alt svart for trivselsfylket.

– Flyttetala er svakast av alle fylka. Det er mange som flyttar frå Sogn og Fjordane til andre fylker, og få som flyttar til, sa Vareide i presentasjonen på Fylkeshuset i dag.

Dei svake flyttetala heng saman med arbeidsplassutviklinga i fylket. Sidan 2000 har det vore ei vekst i talet arbeidsplassar i fylket på 3,1 prosent. Norge har samla sett hatt ei vekst på 15,8 prosent i same perioden. Det er veksten i næringslivet i Sogn og Fjordane som har svikta, og det er færre arbeidsplassar i næringslivet i dag enn i 2007.

Basisnæringane slit

Rapporten, som har fokusert spesielt på 2008-2013, perioden etter finanskrisa, viser at tal på arbeidsplassar i basisnæringane (som blant anna primærnæring, industri, olje- og gassutvinning, forsking, IKT og tele) har falt sterkt i fylket.

– Sogn og Fjordane har hatt ein lite gunstig samansetning av basisnæringane. Ein kan seie at fylket har hatt ein god treffsikkerheit som har vekst i mange bransjar som har nedgang på landsbasis, sa Vareide.

Vareide peikte likevel på at samla sett har Sogn og Fjordane litt over middels næringsattraktivitet av fylka i Norge. Næringslivet har prestert litt over forventning.

Ikkje berre negativt

Rapporten viser at sjølv om Sogn og Fjordane har nedgang på mange felt, har fylket òg ein høg del innovative bedrifter, spesielt dei bedriftene som er heimehøyrande i fylket.

– Det er ganske overraskande, fordi det er mange bedrifter som er i bransjar med generelt lite innovasjon. Når vi analyserer delen innovative bedrifter på bakgrunn av bransjestruktur og storleik, er det langt over normal del innovative bedrifter, særleg i Nordfjord og Sogn, står det i rapporten frå Telemarksforsking.

Kontaktpersonar:

Lars Hustveit
Fagkoordinator, næringsavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
E-post: lars.hustveit@sfj.no
Tlf: 415 30 972

Jan Heggheim
Fylkesdirektør, næringsavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
E-post: jan.heggheim@sfj.no
Tlf: 905 66 623

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00