r 6lyvt 2y 4t
r 6lyvt 2y 4t

Strategigruppa. Øvst frå venstre: Kristin Maurstad (ordførar Vågsøy), Morten Askvik, (ordførar Hyllestad), Ola Teigen (ordførar Flora), Odd Harald Eide (varaordførar Gulen), Jan vidar Smenes (varaordførar Selje) Nedst frå venstre: Gunn Åmdal Mongstad (ordførar Gulen), Gunnhild Berge Stang (ordførar Fjaler), Audun-Åge Røys (ordførar Bremanger), Jenny Følling (fylkesordførar), Gunnar Osland (varaordførar Askvoll). Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommuen/ Sondre Sognnes Haugen

– Kysten må ta styringa i kampen om sjøareala

Strategisk plan for kysten av Sogn og Fjordane skal ferdigstillast i vår. Denne veka var det eit stort planleggingsmøte i Florø, der blant andre fylkesordførar Jenny Følling deltok.

Planen er eit samarbeid mellom blant andre fylkeskommunen, kystkommunane og næringslivet langs kysten. Arbeidet har gått føre seg sidan sommaren 2017.

– Saman ynskjer vi å få til eit meir forpliktande samarbeid om kystnæringane, og kartlegging av ressursane i kystsona er avgjerande for å nå målet. Vi må ta styringa i kampen om sjøareala, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Fleire næringar med vekstpotensial

Det er kystordførarane som no legg siste hand på verket med planen. Det overordna målet for planen er ein attraktiv kystregion, med veksande folketal, vekst og berekraft for næringslivet og med mange besøkande

For å nå dette målet, må det etablerast felles vilje og politisk semje på kysten. Oppretting av eit kystråd som kan arbeide for kystnæringane og interessene til kysten er eitt av tiltaka for å påverke rammevilkåra og støtte opp om nye satsingar.

– Kysten har fleire næringar med vekstpotensial, til dømes fiske og havbruk, sjømatnæringa, fornybar energi, hydrogensatsing, industri og ikkje minst reiseliv. Alle desse kan gje vekst som kan skape arbeidsplassar lokalt, men som også vil ha ringverknader både regionalt og minst nasjonalt og internasjonalt, fylkesordførar Jenny Følling.

Viktig å stå samla

Strategiplanen har definert mellom anna næringsutvikling og betre infrastruktur som viktige område å jobbe vidare med. I møtet i Florø 31. januar kom det også opp tema som skaparkraft og digitalisering som viktige tema.

Fylkesordførar Jenny Følling var også oppteken av korleis vi fremmer interessene våre i ein ny vestlandsregion.

– Vi må stå samla i viktige saker. Medverknad i planarbeidet er kanskje den viktigaste, for ein strategi må ha forankring om vi skal lykkast med gjennomføringa, slår Føling fast.

Mykje positivt på gang

Ei arbeidsgruppe i fylkeskommunen saman med innleigde konsulentar frå  Norconsult har stått for utarbeidinga av framlegg til strategi. Prosjektleiar Arne Kringlen i Norconsult meiner at det har vore krevjande å få oversikt over alle prosjekt og satsingar, men at det er mykje positivt på gang i kystkommunane. 

– Som prosjektleiar har eg opplevd stort engasjement for å skape meir utvikling når det gjeld ressursane på kysten. Men no har vi god oversikt og det viktigaste framover, er å få til meir samarbeid mellom kystkommunane og mellom kystnæringane, for mellom anna å ta styringa i kampen om sjøareala, seier han.

Framlegg til Strategisk plan for kysten skal etter planen leggjast ut til offentleg ettersyn av Fylkesutvalet i mars.

For meir informasjon
Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00