– Kjempevondt og kjempevanskeleg

Framtidsutsikter og dramatiske hendingar stod på planen då Nasjonal rassikringsgruppe inviterte til rassikringskonferanse måndag 10. november. Blant dei som lever i frykt, er lærar ved Skåbu skule, Heidi Maurstad.

– Det er berre éin veg til Skåbu. Den er bratt på både oppsida og nedsida av vegen og blir brukt av både pendlarar og skuleelevar kvar einaste dag. For oss handlar det ikkje om «den gang då», men «kvar gang når», fortalte ein engasjert Maurstad.

– Føler eg burde hatt på meg hjelm

Læraren kunne fortelje at det ikkje er sjeldan ein må trekke på seg den gule refleksvesten, som er det er påbod om i alle bilar, og gå ut av bilen for å reinske stein før ein køyrer vidare.

– Kvar gang eg køyrer den vegen føler eg at eg burde hatt på meg hjelm. Sjølv om det ikkje ville hatt noko å seie om ulukka først var ute.

På fleire av strekkene langs Skåbuvegen har det ikkje berre rasa over vegen, men frå undersida. Dette har gjort at det fleire gonger berre har hengt att gyngande asfalt på vegen, medan grunnen under har forsvunne.

– Om ein skal vere så uheldig å køyre over dette, eller komme inn i eit ras, så blir ein skyvd nedover. Og her er det ikkje slik at ein stoppar opp, her blir ein ført heilt ned til botn, til elva, sa Maurstad.

– Borna er det mest dyrebare vi har

Det som bekymrar Maurstad mest, er at alle borna blir køyrt langs denne vegen, kvar dag.

– Borna er det mest dyrebare vi har. Når vi sender alle borna våre i same bussen langs denne vegen, så blir vi veldig sårbare. Frykta og uvissa er kjempevond og kjempevanskeleg. Både for oss og for ungane våre. Alle fortener ein trygg veg, seier ho, og avsluttar med ei bøn til rassikringsgruppa:

Vår bønn er at denne gruppa skal fortsetje å jobbe for å få dei sårt tiltrengte rassikringsmidla som vi treng.

Vil sikre innan 2030

Leiar i nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, seier seg hjartas einig i Maurstad sin konklusjon.

– Vi fortener alle ein trygg veg, det er det ikkje noko tvil om. Og det er noko vi vil jobbe for. Vårt mål er, med dei raspunkta som er kjende og vurderte i dag, at det offentlege vegnettet skal vere sikra mot ras innan 2030, seier ho.

For at dette skal skje, er det ikkje berre rassikringsgruppa som må trå til.

– Dette forutset at ein må ha ei løyvingstakt på 2 milliardar kroner – årleg. I 2014 er ramma på 1714 millionar kroner. Derfor er dette fullt mogeleg å gjennomføre, men då kan ein ikkje ta eit steg tilbake og senke løyvingstakten til 1509 millionar kroner, slik framlegget i Statsbudsjettet no ligg føre, seier Kjelsnes.

Kontaktperson:

Åshild Kjelsnes
Leiar i Nasjonal rassikringsgruppe
E-post: ashild.kjelsnes@sfj.no
Tlf: 91 88 85 68

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no