Fylkesordførar Jenny Følling opnar språkkonferansen i Førde 2018. Det står Treng vi norsk? på lerretet bak henne.
Fylkesordførar Jenny Følling opnar språkkonferansen i Førde 2018. Det står Treng vi norsk? på lerretet bak henne.

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Det er vi som har ansvar for vårt språk

Vi må ta aktive grep for å sikre norsk språk generelt, og nynorsk spesielt, sa fylkesordførar Jenny Følling ved opninga av språkkonferansen «Treng vi norsk?» i Førde 1. november. Her kan du lese meir og sjå bilete frå konferansen.

100 deltakarar frå fjern og nær var samla på Scandic Sunnfjord Hotell for å lære og drøfte framtida for det norske språket. Konferansen vart arrangert av Nynorskfylket, eit forum for offentlege og private organisasjonar og tiltak som arbeider for å fremje bruk av nynorsk på alle område i Sogn og Fjordane.

– Globalisering og inntog av nye måtar å kommunisere på gjer verda mindre, og informasjonen flyt raskare. I kjølvatnet av dette ser vi at språkbruken endrar seg. Vi har sett dette over tid, men så er det å forstå det som skjer, og handle. Det er vi som har ansvar for vårt språk. Vi må vere villige til å bruke ulike verkemiddel for å sikre norsk generelt og nynorsk spesielt. Det handlar om å ta vare på kultur, identitet, verdiar, sa fylkesordførar Jenny Følling då ho opna konferansen.

Nynorsk fyrtårn

Følling peikte på ansvaret regionale og nasjonale styresmakter har for å sikre og fremje språket, og trekte fram arbeidet med eit «Nynorskhus» i Førde som ei viktig satsing.

– Målet er å etablere eit nasjonalt fyrtårn for det nynorske språket. Greier vi å realisere ideen, får vi ei klynge med over 100 faste arbeidsplassar innan kultur og media med fellesnemnaren nynorsk. Det er vi stolte over og jobbar aktivt for å få til, sa Følling.

Terje Gilleshammer frå NRK Sogn og Fjordane, Marie Havnen frå Firda og styreleiar Rasmus Mo i Sogn og Fjordane teater presenterte dei ambisiøse planane for Nynorskhuset seinare på konferansen.

Solid program

På programmet stod elles mellom andre kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen, språkdirektør Åse Wetås, direktør for Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark og forfattaren bak NRK-serien «Lovleg», Kjersti Wøien Håland.

Kulturminister Trine Skei Grande stod eigentleg på programmet, men måtte melda avbod i siste liten. I staden kom Sveinung Rotevatn, statssekretær i klima- og miljødepartementet, som representant frå regjeringa.

Sjå fleire glimt frå språkkonferansen under:


Terje Gillenhammer, Marie Havnen og Rasmus Mo på scenen under språkkonferansen i Førde 1. novembere 2018, "Treng vi norsk?"
- Vi veit at klynger fungerer, det er ikkje noko hokus pokus, sa styreleiar Rasmus Mo i Sogn og Fjordane, som presenterte planane for Nynorskhuset saman med Marie Havnen frå Firda og Terje Gilleshammer frå NRK Sogn og Fjordane.


Oddvar Torsheim syng og speler trekkspel.
Oddvar og Jorunn Torsheim opna konferansen med "Nynorskens skog".


Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen på scenen under språkkonferansen i Førde.
Kringkastingssjef Thor Gjermund Erikssen lova at NRK neste år skulle innfri kravet om 25 prosent nynorsk i alle flater.


Forfattar Kjersti Wøien Håland på scenen under språkkonferansen i Førde. Bak henne er det vist eit bilete frå tv-serien Lovleg.
- Endringar i språket er ikkje alltid noko negativt, eller noko positivt. Men det er ofte uunngåeleg, fordi det speglar samfunnet vi lever i, sa Kjersti Wøien Håland, bak NRK-serien «Lovleg».


Bilete frå språkkonferansen i Førde 1. novembere 2018, "Treng vi norsk?" Per Magnus Finnanger Sandsmark på talarstolen.
- På same måte som samferdslepolitikken handlar om infrastruktur og tryggleik, må også språkpolitikken gjere det, sa Nynorsk kultursentrum-direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.


Førde-ordførar Olve Grotle stiller spørsmål frå salen under Språkkonferansen i Førde 2018, Treng vi norsk?
​Førde-ordførar Olve Grotle var blant dei engasjerte tilhøyrarane som bidrog med spørsmål og kommentarar under konferansen. Han var klar på at kommunen ønskjer å sjå Nynorskhuset bli røyndom.

Alle foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00