VRI4 Sogn og Fjordane

Mobilisering til forskingsbasert innovasjon i Sogn og Fjordane 2017 – 2019.

Målgrupper for VRI4 er  bedrifter i Sogn og Fjordane, og nettverk som dei er del av.  Bedriftene skal høyre heime i verdikjeder med aktivitetar innanfor dei  tematiske satsingsområda: 

  • fornybar energi
  • landbruk
  • reiseliv
  • sjømatnæringar.

Kunnskapsnæringar (KIFT) knytt til desse verdikjedene kan også vere målgrupper, og spesielt i høve verkemiddel «FoU-starthjelp» ( rekrutteringspakken), der slike kan vera aktuelle som innovasjonsprosessleiarar.

Målet er å få fleire bedrifter og nettverk til å setje i gong med innovasjonsprosessar, eller utviklingsprosjekt, som krev FoU, for å nå sine mål. Det skal i neste omgang føra til fleire arbeidsplassar og auka verdiskaping i fylket.

Målet er fleire FoU-søknader  frå fylket til nasjonale, nasjonale og internasjonale FoU-program.

Aktive utlysingar frå 3.mai 2017:
FoU-startpakke
Støtte til FoU-prosjekt

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Arne Monrad Johnsen
arne.monrad.johnsen@sfj.no
415 30 978

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven