Nærbilete av ein dråpe som fell mot blå bakgrunn.

Foto: Arne Monrad Johnsen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vil mobilisere bedrifter til å bruke meir FoU

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser no ut midlar som skal motivere bedrifter i fylket til å bruke meir forsking og utvikling (FoU) i utviklingsarbeidet sitt.

Prosjektet VRI4 skal rekruttere og mobilisere til FoU. Det er to typar støtteordningar å søkja på: FoU-startpakken og støtte til mindre prosjekt. I FoU-startpakken kan bedriftene få dekka utgifter til hjelp fram til ein søknad om FoU-midlar.

Målgrupper for VRI4 er bedrifter og nettverk i Sogn og Fjordane. Bedriftene skal høyre heime i verdikjeder med aktivitetar innanfor desse tematiske satsingsområda:

  • Fornybar energi
  • Landbruk
  • Reiseliv
  • Sjømatnæringar

Aktive VRI4-utlysingar frå 3. mai 2017

1. FoU-startpakken

VRI4 tilbyr bedriftene støtte til innovasjonsprosessleiar og analysar for dei fire fyrste trinna i innovasjonsprosessen, fram til søknad om støtte til FoU-prosjekt. Trinna er

  1. driftsanalyse av mål og trend – for å stadfeste ambisjonane og finne FoU-potensiale
  2. problemanalyse – for å finne kva problem som hindrar måloppnåing
  3. idéutvikling – for å finne moglege løysingar på det største problemet
  4. analyse av idéar – for å finne gode og realistiske idéar med FoU-behov

+ skriving av FoU-søknader (restmidlar)

Bedriftene kan få inntil 40 000 kroner i støtte til innovasjonsprosessleiar og 25 000 kroner for kvart av dei fire trinna. Samla tilskot er inntil 140 000 kroner, som bagatellmessig støtte etter statsstøtteregelverket. Det er opp til bedriftene å bestemme kven dei vil ha som prosessleiar.

Les heile utlysinga.

2. Støtte til små FoU-prosjekt

VRI4 tilbyr støtte til små FoU-prosjekt av type eksperimentell utvikling, saman med støtte til tilhøyrande forundersøkingar.

Les heile utlysinga

For alle søknadstypane er det laupande søknadsfristar så lenge det er pengar i potten. Søknadane vert handsama i den rekkefølgja dei kjem inn.

For meir informasjon

Arne Monrad Johnsen
prosjektleiar VRI4
arne.monrad.johnsen@sfj.no
415 30 978

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00