8vn 8yf 5vya

Gamal og ny veg på strekninga Olden–Innvik. Silje Drevdal/Statens vegvesen

Vil ha heilskapleg ansvar for fylkesvegane

Å samle oppgåvene knytt til regional vegadministrasjon hos fylkeskommunen vil styrke deira rolle som samfunnsutviklar, meiner fylkesutvalet i Sogn og Fjordane.

Statens vegvesen utfører i dag oppgåver for fylkeskommunane knytt til utgreiing, planlegging, bygging, forvaltning, drift og vedlikehald på fylkesvegane. Stortinget har bede regjeringa om å overføre desse oppgåvene til fylkeskommunane som ein del av regionreforma. 20. juni vedtok fylkesutvalet ein uttale som ønskjer oppgåveoverføringa velkomen.

– Vi forventar at regjeringa følgjer opp vedtaket i Stortinget om overføring av oppgåver, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Godt grunnlag

Statens vegvesen har lagt fram ein rapport om konsekvensane av stortingsvedtaket, «Fra sams og samling». Fylkesordføraren meiner rapporten, som no er på høyring, gir eit godt grunnlag for å overføre oppgåvene knytt til regional vegadministrasjon til fylkeskommunane.

– Overføringa er krevjande, og krev utgreiing av ei rekkje spørsmål. Samstundes ber rapporten preg av for mykje problematisering av overføringa utan å ta omsyn til positive verknader. Fylkeskommunane er store organisasjonar med høg kompetanse på mange felt, og vil føre vidare oppgåvene på ein god måte, seier Følling.

Heilskapleg ansvar

Uttalen frå fylkesutvalet peikar på at fylkeskommunen vil få styrka si rolle som samfunnsutviklar med eit heilskapleg ansvar for vegadministrasjonen og høve til å sjå oppgåver og verkemiddel i samanheng.

– Forslaga vil bidra til utvikling av demokratiet på regionalt nivå. Det gir også fylkeskommunen større moglegheit for å styre og kunne fastsetje strategiar innan vegområdet, seier Jenny Følling.

Saksdokument til møtet i fylkesutvalet 20. juni

Les meir om prosessen på regjeringa.no

Les meir om sams vegadministrasjon på vegvesen.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713