Hovudutvalet for opplæring var samla til møte 27. september 2016. Biletet syner utvalet rundt bordet på møterommet på Fylkeshuset. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Hovudutvalet for opplæring var samla til møte på Fylkeshuset 27. september 2016. Der vedtok dei blant anna å utsetja saka om fråværsreglementet. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ventar på ministermøte

Hovudutval for opplæring har utsett saka om fråværsreglane i vidaregåande skule til etter dei har fått til eit møte med kunnskapsministeren.

Inntil vidare gjeld dei nasjonale fråværsreglane, med føringar gitt av Utdanningsdirektoratet. Hovudutvalet vedtok i slutten av august eit revidert fråværsreglement, som skulle gjelde for Sogn og Fjordane. Dette vedtaket er kjent ulovleg av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Fylkesordførar Jenny Følling har bedt om eit møte med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Det var eit samrøystes hovudutval som utsette saka 27. september 2016.

For meir informasjon
Karianne Torvanger
Leiar for hovudutval for opplæring
karianne.torvanger@sfj.no
996 06 484

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00