Foto frå UKM- Ung kultur møtest - festivalen 2016. Vi ser ein gut som spelar piano på ei scene, det er mørkt, men med lysprikkar over scena. Han blir filma av to ungdomar.

Håvard Endal Husevåg under fjorårets UKM-festival Sogn og Fjordane. (Foto: 1MKA/Hafstad vidaregåande skule)

Ung kultur møtest i Høyanger

UKM-festival Sogn og Fjordane vert arrangert i Høyanger 31. mars–2. april.

250 ungdommar frå heile fylket skal vise kva dei kan, knyte kontaktar og få inspirasjon gjennom ei heil helg.

I løpet av festivalhelga skal ungdomane delta på sceneframsyningar og ei utstilling. Alt er ope for publikum. I tillegg blir det konsert på Ungdomskafeen i sentrum fredag kveld og i Høyanger kyrkje laurdag kveld. Og kanskje poppar det opp UKM-ungdommar også andre stadar i sentrum i løpet av helga?

Line Dybedal i fagpanelet

Fagpanelet under festivalen skal plukke ut 30 ungdommar som får tilbod om å representere Sogn og Fjordane på den nasjonale UKM-festivalen i Sandnes i juni. Line Dybedal frå Selje, kjent frå mellom anna The Pink Robots og for låta «Stille» frå 2015, har lang fartstid som deltakar i UKM og skal vere med i fagpanelet under festivalen.

– Eg ønska å vere med i fagpanelet fordi det er artig å sjå kor mange talent som finst i fylket. Det er så utruleg mange måtar å uttrykk kunst på. Det handlar ikkje nødvendigvis om kven som kan spele fortast, synge høgast eller danse teknisk riktig. Det har også mykje med utstråling  og formidling og gjere, seier Dybedal.

Innslaga og utstillingsarbeida som går vidare skal representere breidda av ung kultur i fylket.

Unge arrangørar

Framsyningane vert leia av unge konferansierar, og i kulissane vert det unge arrangørar. UKM Media med deltakarar frå kommunane og  medielinja ved Sogndal vidaregåande skule skal ta bilete og filme framsyningane. Også unge konferansierar, arrangørar og deltakarar i UKM Media kan bli plukka ut til å representere fylket på den nasjonale festivalen. 

– UKM er ein viktig arena fordi det er mogleg for alle vise seg fram. Ein får super trening. Det er ofte slik at når ein fyrst er kome under «UKM-vengja» så held ein seg der – gjerne i mange år, seier Dybedal.

Hovudarrangør frå Høyanger

OnCue Music Productions AS er hovudarrangør for festivalen i 2017. Dei held til i Høyanger og tek festivalen med til industristaden. Sogn og Fjordane fylkeskommune, som har ansvaret for UKM-arbeidet på fylkesnivå, er glade at OnCue har tatt på seg ansvaret, og for at festivalen no kjem til Sogn etter fleire år i Nordfjord og Sunnfjord.

NRK Sogn og Fjordane sender framsyningane direkte på nettsidene sine.

For meir informasjon

Stig Aron Kamonen
OnCue Music Productions AS
901 87 738
ukm@oncue.no

Eva Kristin Svidal
Sogn og Fjordane fylkeskommune
911 69 693
eva.kristin.svidal@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00