Foto som syner fylkesordførar Jenny Følling og Asgeir Hasund i Marine Harvest som tek kvarandre i handa for å markere samarbeidet mellom Måløy vidaregåande skule og Marine Harvest. Rundt dei står ei rekke elevar og andre.

Foto: Bjarne Husevåg/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Underteikna avtale om undervisningskonsesjon

– Dette samarbeidet er svært gledeleg og veldig viktig for rekrutteringa til dei marine næringane, og for kvaliteten på dei marine opplæringstilboda vi har her i fylket, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Det vart i sommar klart at Sogn og Fjordane har fått sin første undervisningskonsesjon for oppdrett av laks og aure. Konsesjonen er knytt til naturbruk- og akvakulturlinja ved Måløy vidaregåande skule og blir drifta av Marine Harvest.

Fredag 8. september var det klart for signering av avtalen og ei høgtidleg markering ved skulen. Fylkesordførar Jenny Følling og regiondirektør Asgeir Hasund i Marine Harvest signerte avtalen, og både lærarar og elevar frå naturbruk- og akvakulturlinja var til stades.

Viktig samarbeid

Fylkesordføraren trekte fram at det å få til denne utdanninga har vore ei målsetjing i verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane, og no er endeleg den første milepælen nådd.

– Samarbeidet med næringslivet har vore viktig for å få på plass desse skuleplassane, og det er ei viktig gjensidig forplikting når elevar skal utplasserast, få opplæring og få lærlingplassar, seier fylkesordføraren.

Sjå fleire bilete på Facebook-sida vår:

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00