Fire personar sit og smiler ved eit bord. Det er Kristine Kopperud Timberlid, Philip Lorentzen, Mette Rønning og Jan Heggheim. Dei har underteikna ein samarbeidsavtale som ligg på bordet.

Frå venstre Kristine Kopperud Timberlid, Innovasjon Norge Vestlandet, Philip Lorentzen, Norges Forskingsråd, Mette Rønning, Siva og Jan Heggheim, Sogn og Fjordane fylkeskommune underteikna onsdag ein regional samarbeidsavtale. Foto: Næringsforum

Underteikna avtale om innovasjon og verdiskaping

Innovasjon Norge, Norges Forskingsråd, Siva og fylkeskommunen underteikna onsdag ein regional samarbeidsavtale. Målet er mellom anna å styrke klyngesamarbeid og kompetansemiljø i fylket.

– Innovasjon Norge, Forskingsrådet, Siva og fylkeskommunen har kvar for seg teke ansvar i Sogn og Fjordane. Ei formalisering av samarbeidet er eit steg på vegen mot endå betre resultat med tanke på nye arbeidsplassar og kompetente medarbeidarar, seier Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune og leiar for Næringsforum.

Klyngeutvikling

Innovasjon Norge, Norges Forskingsråd og Siva har i dag nasjonale samarbeidsavtalar. Dette vert no følgt opp av regionale avtalar, der også fylkeskommunane er med. I dei regionale avtalane er det føresett at fylkeskommunen tek leiinga, særleg med tanke på å koordinere den samla aktiviteten med regionale planar for verdiskaping.

Tiltaka i avtalen er føresett å vere nokså konkrete, i Sogn og Fjordane første og fremst knytt til klyngeutvikling og test- og laboratoriefasilitetar for næringslivet.

Breitt samarbeid

I Sogn og Fjordane er det Næringsforum som styrer oppfølginga av Regional plan for verdiskaping. Dei hadde møte i Førde 5. september, og underteikninga av den regionale avtalen gjekk føre seg der.

Medlemmene i Næringsforum er fylkeskommunen, Innovasjon Norge, KS rådmannsutvalet, Høgskulen på Vestlandet, NAV, NHO, LO, Fiskeridirektoratet Region Vest, Fylkesmannen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
Jan.Heggheim@sfj.no
905 66 623

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00