2gqtefv 7d 8

Foto: Martha Linnea Pukallus, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune

UKM 2019 er i gang

Er du mellom 13 og 20 år og har lyst til å delta i UKM? No kan du melde deg på UKM 2019!

Du melder deg på via nettsida til UKM Sogn og Fjordane. Der finn du også kontaktinformasjon til dei ansvarlege i kommunen din.

UKM står for Ung Kultur Møtest, og er ein møteplass for ungdom som driv med kulturaktivitetar. Du kan delta med alle slags kulturuttrykk. Du kan også delta som konferansier, arrangør og i UKM Media.

Vidare til fylkes- og landsfestival

Kvar kommune vel under lokalmønstringane ut ungdomar som får representere kommunen på UKM-festivalen Sogn og Fjordane. Lokalmønstringane vert arrangerte i perioden februar til mars. UKM-festivalen Sogn og Fjordane vert i Nordfjordhallen i Vågsøy 29.–31. mars 2019.

Sogn og Fjordane sender om lag 30 deltakarar frå fylkesfestivalen til den nasjonale UKM-festivalen, som blir arrangert 24.–28. juni 2019.

Kontakt UKM-kontakten i din kommune om du har spørsmål som gjeld UKM.

Kontaktperson i fylkeskommunen
Eva Kristin Svidal
rådgjevar
911 69 693
eva.kristin.svidal@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven