Foto av blåserekke frå UKM-festivalen 2017. Vi ser nokre ungdomar som spelar ulike messinginstrument og som har notestativ framfro seg.

Blås i Vesten frå Solund var eitt av bidraga på UKM-festivalen Sogn og Fjordane i fjor. Foto: Martha Linnea Pukallus, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune

UKM 2018 er i gang

Er du mellom 13 og 20 år og ønskjer å delta i UKM? No kan du melde deg på UKM 2018!

UKM står for Ung Kultur Møtest og er ein møteplass for ungdom og kultur der du kan delta med alle slags kulturuttrykk. Du kan også delta som konferansier, arrangør og i UKM Media.

Påmeldinga skjer via nettsida til UKM Sogn og Fjordane. Der finn du også kontaktinformasjon til dei ansvarlege i kommunen din.

Vidare til fylkes- og landsfestival

Kvar kommune vel under lokalmønstringane ut ungdomar som får representere kommunen på  UKM-festivalen Sogn og Fjordane. Kommunemønstringane vert arrangerte i perioden februar til mars, og UKM-festivalen Sogn og Fjordane vert i Høyanger 13.–15. april 2018.

Sogn og Fjordane sender om lag 30 deltakarar frå fylkesfestivalen til den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim 25.–29. juni 2018.

Kontakt UKM-kontakten i din kommune om du har spørsmål som gjeld UKM.

Kontaktperson i fylkeskommunen

Eva Kristin Svidal
911 69 693
eva.kristin.svidal@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00