Innbyding til språkkonferanse i Førde 2018 med teksten «Treng vi norsk? Ein konferanse om framtida for det norske språket» og bilete av føredragshaldarane.

Grafikk: Tom Farsund/Fin driv

Treng vi norsk? Ein konferanse om framtida for det norske språket

Nynorskfylket Sogn og Fjordane skipar til språkkonferanse i Førde 1. november. På programmet står mellom andre Trine Skei Grande og kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

Treng vi norsk, eller er det greitt at engelsk fortrengjer norsk i akademia, arbeidsliv og underhaldningsmedia? Kva er stoda for bokmål og nynorsk i 2018? Kva er konsekvensen av at språket vårt taper terreng på viktige område? Kva tiltak må eventuelt settast inn om vi skal slå ring om det norske språket?

Dette er blant tema på språkkonferansen i Førde, som finn stad på Scandic Sunnfjort hotel & spa 1. november. Bak konferansen står Nynorskfylket Sogn og Fjordane, eit forum for ulike organisasjonar og institusjonar som er opptekne av å fremje nynorsken.

– Sogn og Fjordane er eit sterkt nynorskfylke, og husar mange viktige språk- og kulturinstitusjonar. Vi vil vere med og ta ansvar for språket vårt, og difor ønskjer vi å sjå framover og diskutere løysingar og moglegheiter for norsk språk – og ikkje minst for nynorsken – på konferansen i Førde, seier Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur.

Følgjande punkt står på programmet:

  • Nynorskens skog, ODDVAR TORSHEIM
  • Er norsk språk i skvis? ÅSE WETÅS, direktør i Språkrådet
  • Språkpolitikk for framtida, TRINE SKEI GRANDE, kulturminister
  • Frå hjemmebane til heimebane, THOR GJERMUND ERIKSEN, kringkastingssjef
  • Nynorskbrukarane: Kven er dei, kva treng dei? PER MAGNUS FINNANGER SANDSMARK, direktør i Nynorsk kultursentrum
  • Ungdomsspråket har status, KJERSTI WØIEN HÅLAND, manusforfattar for TV-serien «Lovleg»
  • Tek dialektane livet av nynorsken? ØYSTEIN VANGSNES, professor i nordisk språkvitskap

Her finn du meir informasjon og påmeldingsskjema!

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ingebjørg Erikstad
ass. fylkesdirektør for næring og kultur
Ingebjorg.Erikstad@sfj.no
415 30 941

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00