fylkesordførar Jenny Følling i flaumråka Utvik i samtale med innbyggar Mgne Sølvberg. bak dei ser i stein og tre og leire i eit tørt alternativt elveleie etter flaumen. sol og blå himmel.

Innbyggar i Utvik Magne Sølvberg syner fylkesordførar Jenny Følling øydeleggingane i den flaumråka bygda.

Trafikk over Utvikfjellet

Fredag 18. august kl. 16.00 opnar fv. 60 i Utvik også for kolonnekøyring for tunge køyretøy. Du kan halde deg oppdatert på kollektivtrafikken på kringom.no.

Frå og med laurdag 19. august vert ferjesambandet Anda-Lote igjen trafikkert av ei ferje.

Uvêret gjorde store øydeleggingar på vegnettet langs fv 60, særleg frå Utvikfjellet og ned mot Utvik. Mange fekk også hus og hagar øydelagt av ekstremveret, i tillegg til at dei vart veglause. Både vegvesenet og fylkeskommunen gjer no alt dei kan for å få reparert vegen permanent og få vanleg trafikkflyt gjennom Utvik etter flaumskadane. Frå 11. august er det passering med ledebil for køyretøy under 3,5 tonn i Utvik. 

  • Passering frå fredag 11. august kl. 14.00: kolonnekøyring for køyretøy opptil 15 meter
  • Trafikkmeldingar: Statens vegvesen
  • Kollektivtransport, ruter og tider: Kringom 

Passering for køyretøy opptil 15 meter

Frå kl. 14.00 fredag 11. august vart fv. 60 i Utvik opna for kontinuerleg kolonnekøyring for bilar inntil 15 meter. Vogntog kan ikkje passere.

– Vi har no fått tilstrekkeleg oversikt over skadar, og fått utbetra det som er nødvendig for at vi kan setje på tyngre trafikk. Det er mykje skadar på vegen over Utvikfjellet i tillegg til skadane i området rundt bruene. Det er skadar som svekkar bæreevna til vegen. Dette har vi no kontroll over og kan setje på tyngre og lengre køyretøy, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.

Imponert over bygdfefolket

Etter ekstremveret vitja fylkesordførar Jenny Følling og fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal, dei flaumråka områda. Fylkesordføraren møtte mellom andre Magnus Sølvberg som bur i Utvik, og som synte dei øydeleggingane i bygda. 

– Eg er først og fremst glad for at liv ikkje gjekk tapt. Utvik  vart forvandla ei slagmark på få timar, og eg ser at mange livsverk ligg i grus. Det er viktig for meg å møte innbyggjarane og sjå behova deira, og eg er mektig imponert over det pågangsmotet eg møter hos folk her, seier Følling. Ho roser også naudetatane og hjelpemannskapa for innsatsen etter at dei voldsomme naturkreftene var i sving etter besøket 26. juli.

Kontaktperson i Statens vegvesen

Svenn Egil Finden
avdelingsdirektør vegavdeling Sogn og Fjordane
951 48 614

Kontaktperson i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Dina Lefdal
fylkesdirektør for samferdsle
957 00 813

 

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven