Foto frå Tonningsgata i Stryn ein sommardag. Det er folk på fortauet, og bilar står parkerte. Til høgre i biletet er det vesle, raude huset med utsalet til Moods of Norway, med den rosa traktoren utanfor.

Motiv frå Stryn sentrum. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Tilskot til tettstadutvikling og stadforming

Sogn og Fjordane fylkeskommune har sett av 2,6 mill. kroner i tilskott til tettstadutvikling og stadforming i 2018. Alle kommunane i fylket kan søkje innan fristen 14. september.

Fylkeskommunen kan støtte analysar og kartlegging, grunnlag for kommuneplan, områderegulering og tiltak. Vi kan også støtte konkrete tiltak som er forankra i vedteken kommunal plan, til dømes til prosjektutvikling, prosjektering og opparbeiding av tiltaket. I tillegg kan vi støtte symposium (opne tverrfaglege arrangement og møteplassar) for kunnskapsutvikling og utveksling.

Ordninga skal bidra til å styrke den lokale kompetanse knytt til tettstad-utvikling, sterkare involvering av lokalsamfunnet i planlegging og gjennomføring, samt fremje vekst og utvikling i folketal, kultur- og næringsliv. På fylkeskommunen sine nettsider kan ein sjå eksempel på tidlegare prosjekt som har fått støtte frå denne ordninga frå fylkeskommunen: http://www.sfj.no/rapportar.337871.nn.html

Sjå gjeldane retningsliner: Retningsliner for tettstadutvikling i Sogn og Fjordane 2015

Vi ynskjer at kommunane utviklar prosjekta sine i samarbeid og forståing med fylkeskommunen.

Kommunar kan søkje om støtte innan 14. september gjennom regionalforvaltning.no.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Marianne Bugge
rådgjevar
Marianne.Bugge@sfj.no
915 32 784

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven