Foto av fire jenter i småskulealder som står på ei utescene og syng. Dei er kledde sommarkjolar, og fleire har blomster i håret.

Kulturaktivitet for born og unge vert særleg prioritert i fordelinga av kulturmidlane. Foto: David Zadig

Tilskot til kulturarbeid og lokale kulturbygg

Fylkeskommunen lyser no ut kulturmidlar, kunstnarstipend og tilskot til kulturbygg for 2017.

Sogn og Fjordane fylkeskommune forvaltar ei rekke tilskotsordningar innan kulturfeltet, og to av dei har søknadsfrist 1. mars. No gjeld det å vere om seg om ein vil søkje.

Kulturmidlar

Gjennom kulturmidlane kan ein få tilskot til drift, prosjekt og tiltak. Det vert lagt særleg vekt på kulturaktivitet for barn og unge.

Tilskot til drift vert gitt til fylkesdekkande kulturorganisasjonar/fylkesledd og arrangørar av varige, faste kulturtiltak. Tilskot til prosjekt og tiltak vert gitt til prosjekt og tiltak med kulturell karakter og som er av allmenn interesse – med verknad for heile eller ein større del av fylket.

To stipendordningar

Sogn og Fjordane fylkeskommune har to stipendordningar for kunstnarar innan alle uttrykk.

Profesjonelle kunstnarar  under 35 år, som er busette i Sogn og Fjordane eller i ferd med å etablere seg her, kan søkje stipend for unge kunstnarar i etableringsfasen. Det er krav om kunstfagleg utdanning eller høg realkompetanse.

Arbeidsstipend for kunstnarar skal gå til skapande og utøvande kunstnarar i fylket. Målet er å gje dei økonomisk støtte til å utvikle sine kunstnariske uttrykk eller eksperimentere med nye uttrykk.

Tilskot til kulturbygg

Ei anna ordning som har søknadsfrist i desse dagar er den desentraliserte tilskotsordninga for kulturbygg. Dette er statlege pengar, som fylkeskommunen forvaltar og fordeler ut til søkjarar. Fylket får ein viss sum, som i år truleg vert på om lag 1,5 millionar kroner.

Pengane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Søknadane skal sendast til kommunen kulturbygget ligg i, og kommunane har så frist til 30. april med å sende søknadane vidare til fylkeskommunen. Ta kontakt med kommunen for informasjon om den lokale søknadsfristen.

Meir informasjon om tilskotsordningane

Kulturmidlar

Kunstnarstipend

Kulturbygg

For meir informasjon

Eva Kristin Svidal (kulturmidlar/kunstnarstipend)
911 69 693
eva.kristin.svidal@sjf.no

Guro Høyvik (kulturbygg)
415 30 608
guro.hoyvik@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00