547dq 6nqna
 547dq 6nqna

Silje Greidung, Stryn. Foto av Jim Steven T. Igland/Hafstad vgs.

Tilskot til kultur og folkehelse 2019

Søk fylkeskommunen om kulturmidlar, kunstnarstipend eller folkehelsemidlar innan 1. mars, eller søk om tilskot til kulturbygg innan 30. april. 

Kulturmidlar, kunstnarstipend og folkehelsemidlar

Kulturmidlar vert gitt til prosjekt og tiltak som har kultur som hovudføremål. Du kan søke både om tilskot til drift og til prosjekt og tiltak, samt på kunstnarstipend. Det lagt særleg vekt på kulturaktivitet til barn og unge. Les meir om kulturmidlar. 

Folkehelsemidlar vert gitt for å fremje eit aktivt og allsidig livskvalitetsarbeid i fylket. Alle som driv med prosjekt og tiltak innan levekår- og livskvalitetsområdet (folkehelse) som har allmenn interesse, kan søkje. Les meir om folkehelsemidlar.

Søknadsfristen på desse tilskotsordningane er 1. mars kvart år. 

Kulturbygg

Tilskot til kulturbygg skal bidra til egna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift. Søknader sendast via kommunen lokalet ligg i. Ta kontakt med kommunen om søknad. Les meir om tilskot til kulturbygg.

Frist for kommunane for å sende vidare søknader til fylkeskommunen:  30. april 2019.

Treng du meir informasjon?

Meir info, søknadsskjema og retningsliner  på www.sfj.no under Tilskot /kultur. Eventuelt kan ein ringe 57 63 80 00.

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven