Statistikk for klimagassutslepp

I tråd med nasjonale og regionale mål skal Sogn og Fjordane redusere klimagassutsleppa våre, medan statistikken viser at utsleppa våre har gått oppover. Det er no mogeleg å få tilgang til utsleppsstatistikk for din kommune.

Miljødirektoratet har, i samarbeid med KS og SSB, vidareutvikla og forbetre statistikken knytt til kommunale og fylkeskommunale klimagassutslepp. Den nye statistikken er mellom anna basert på kalkulasjonar frå SSB og rapportering til Miljødirektoratet.  Det er no mogeleg å hente fram statistikk for din kommune her. Statistikken viser utsleppa av klimagassar som oppstår innanfor kommunen sine grenser. Utsleppstala viser åra 2009, 2011, 2013, 2015 og 2016, og kan fordelast på ulike kjelder innanfor ulike sektorar, og gjeld CO2 ​, CH4 (metan), og N2​O (lystgass).

Utsleppsstatistikk.PNG

 

(Denne løysinga er ein betaversjon og Miljødirektoratet jobbar for å vidareutvikle løysinga). 

Verktøy for å berekne effekt

Miljødirektoratet har også utvikla eit verktøy for å berekne effekten av ulike klimatiltak. Verktøyet finn du her. Det er her mogeleg å rekne ut utsleppseffekten av ulike klimatiltak i din kommune. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
Rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette