Foto av nokre av bygningane ved Firda vidaregåande skule ein sommardag med blå himmel og grønt gras. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Stabil søking til vgs

Primærsøkjartala for vidaregåande opplæring 2016 -17 er offentleggjorde. 4029 søkjarar med ungdomsrett har søkt vidaregåande opplæring i skule.

Sogn  og Fjordane har  4132 elevplassar i vidaregåande skule. Primærsøkjartala som  i dag  er offentleggjort syner fyrstevala til søkjarar med  ungdomsrett. Dei viser såleis  ikkje fordelinga av søkjarane til det  einskilde tilbodet.

4029 søkjarar med  ungdomsrett har søkt vidaregåande opplæring i skule. Det  er 28 fleire søkjarar til vidaregåande trinn 1 (vg1), 71 færre til vidaregåande trinn 2 (vg2) og 27 fleire til vidaregåande trinn 3 (vg3). Til vidaregåande trinn 3 (vg3) er det stor auke i søkinga til studiespesialisering. Det  er 487  søkjarar med  ungdomsrett til opplæring i bedrift. Det  er 27 færre søkjarar enn i 2015.

Til vidaregåande opplæring nivå  1 (vg1) har søkjarar med  ungdomsrett rett til inntak på eitt av tre utdanningsprogram dei  har  søkt på. Vidare har søkjarane rett til to år vidare opplæring innanfor same utdanningsprogram. Ungdomsretten gjeld vidaregåande tilbod i heile  fylket, men  den  er ikkje knytt til ein særskilt skule.

Nytt program

Av søkjarane med  ungdomsrett i Sogn  og Fjordane har  142  søkt skular i andre fylke som  fyrsteval, og det er ein auke på 24 frå i fjor. Det  gjeld søkjarar gjennom Hordalandsavtalen, søkjarar til landslinjer, søkjarar til private vidaregåande skular og søkjarar til tilbod vi ikkje har  i Sogn  og Fjordane.

276  søkjarar utan ungdomsrett har  søkt  dei  vidaregåande skulane i Sogn  og Fjordane. Desse  kan  få plass  når dei vidaregåande skulane overtek inntaket i august, dersom det vert ledige plassar.

Kunst, design og arkitektur er nytt utdanningsprogram frå skuleåret 2016-17, og det erstattar studiespesialisering med formgjevingsdag. Til dette tilbodet er det 17 søkjarar med ungdomsrett.

Fleire søkjer studieførebuande på vg1

Til vidaregåande opplæring nivå 1 (vg1) søkjer 65 fleire studieførebuande  og 37 færre søkjer yrkesfaglege utdanningsprogram.

Det  er svak auke  til søkinga til bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, og naturbruk . Det  er nedgang i søkinga til medier og kommunikasjon, service og samferdsel og  teknikk og industriell produksjon.

Til vidaregåande opplæring nivå  2 (vg2) er det  svak auke  i søkinga til bygg- og anleggsteknikk og service og samferdsel . Det  er nedgang i søkinga til studiespesialisering og teknikk og industriell produksjon. Til vg2  frisør er det ekstra låg søknad med  4 primærsøkjarar til 12 plassar.

Det  er stor auke i søkinga til vidaregåande opplæring nivå 3 (vg3) studiespesialisering.

Søkinga til nivå 2 (vg2) og nivå 3 (vg3) er resultat av søkinga til utdanningsprogramma på vg1  skuleåret 2014-15. Til vg3 påbygging til generell studiekompetanse er det elleve færre søkjarar enn  i fjor ( 178 mot 189).

Det er om lag 35 søkjarar til påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse.

Søkjarar til opplæring i bedrift

Sogn  og Fjordane har intensjonsavtalar om 892  læreplassar i bedrift. Det  er i alt  søkjarar til 60 ulike lærefag.

  • Desse  lærefaga har  auke  i søkinga:
  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Bilfag, lette køyretøy
  • Industrimekanikarfaget
  • Røyrleggjarfaget
  • Tømrarfaget

Desse  lærefaga har nedgang i søkinga:

  • Dataelektronikarfaget
  • Kokkfaget

Hovudutvalet for opplæring gjer vedtak om  justering av opplæringstilbodet for  skuleåret 2016-2017 i møtet den 30. mars.

Sentrale datoar

Vidare tidsplan for inntak til skuleåret 2015-2016 er slik:

  • 5. juli: Melding om første inntak
  • 14. juli: Svarfrist første inntak
  • 29.  juli: Melding om  andre inntak
  • 3.  august: Svarfrist andre inntak
  • 8.  august: Skulane tek over inntaket

Søkjarar med ungdomsrett til bedrift 2016

Søkjarar med ungdomsrett til fylkeskommunale vidaregåande skular 2016

 

For meir informasjon

Bekka Skaasheim
fylkesdirektør for opplæring
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956

Tor-Einar Holvik Skinlo
assisterande fylkesdirektør for opplæring
Tor-Einar.Holvik.Skinlo@sfj.no
958 39 029

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00