Dagsturhytta

(Foto: Atle Skrede)

Dagsturhytta Sognesjøhytta

Dagsturhytta kjem til Solund hausten 2018.

Dagsturhytta i Solund kommune heiter Sognesjæhyya og ligg sør fo Hardbakke nær Hopsosen. Det er flott utsyn over Sognesjøen.

Tilkomst og parkering

Ynskjer ein å padle til Sognesjøhytta kan ein parkere ved Hardbakke hamn. Vil ein gå til dagsturhytta kan ein parkere ved Solund senter eller ved starten av turvegen.  

Stien til hytta

Frå Solund senter går du på vegen gjennom byggjefeltet Storehaugen i retning Solund idrettspark. Grusa turveg tek av i krysset ved idrettsparken. Bratt stigning opp til Kystarboretet. Vidare flatar terrenget ut, god grusa sti til enden av Kystarboretet, der grusa tursti endar. Flott utsikt sørover mot Sognesjøen og dagsturhytta. Følg turstien i terrenget vidare sørover eit lite stykke til stiskille. Ta av mot høgre i retning dagsturhytta. Turstien til dagturhytta er ikkje tilrettelagt enno (9.4.2018), men vil verte rydda og merka i løpet av våren 2018. Stien vil gå i eit flott konglomeratlandskap med vekslande berg, myrar og lynghei. Fleire stader er der fint utsyn i alle retningar.

Nær dagsturhytta er ein liten, skjerma, grunn våg der kajakkar lett kan landast.

Avstandar

Hytta ligg om lag 15 moh. Det er om lag 3km frå parkeringsplass til Sognesjøhytta. Går ein frå Solund senter må ein rekne om lag 1 time på turen. 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Atle Skrede

Rådgjevar fysisk aktivitet

Atle.Skrede@sfj.no

41530716

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00