Foto av arrangørkomitten for Sogndal Filmfestival 2017. Ni ungdomar er fotograferte mot lilla bakgrunn, tre gutar og ei jente står i bakerste rekke, så sit det fire jenter fremst.

Det er avgangsklassen i medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule som arrangerar Sogndal Filmfestival. Bak frå venstre: Robert Indrebø, Magnus Grotle Førde, Trine Husdal, Brede Kvist, Håvard Aasen Andersen. Framme frå venstre: Ingeborg Flatjord Kjøsnes, Frida Jordalen Skoglie, Veronika Vindedal og Sunniva Breidvik. (Pressefoto)

Sogndal Filmfestival 2017 – send inn film

Sogndal Filmfestival inviterer ungdom frå heile Vestlandet til å sende inn kortfilmar til festivalen 23. og 24. mars.

Festivalen, som vert arrangert av medieelevar ved Sogndal vidaregåande skule, profilerer seg som «Det beste av ung kortfilm på Vestlandet».

– Vi har alt fått inn fleire filmar til konkurransen, og vi håpar på god deltaking på årets festival, seier festivalsjef Sunniva Breivik.

Påmeldingsfrist 23. februar

Festivalen kjem i år til å dele ut priser i ti forskjellige kategoriar, inkludert publikumsprisen som blir stemt fram. Arrangørane ønskjer å nå ut til ungdom på heile Vestlandet, og festivalsjefen oppmodar alle unge filmskaparspirer til å gå inn på www.sogndalfilmfestival.no for å skaffe seg meir informasjon og sende inn film.

Fristen for å sende inn filmar er 23. februar.

Gallakveld og fagdag

Det er avgangsklassen i medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule som også i år er ansvarleg for filmfestivalen. Målet er å vise fram det beste av filmar som ung, kreativ, vestlandsk ungdom i aldersgruppa frå 15 til 30 år har å by på.

Sogndal Filmfestival inkluderer gallakveld torsdag 23. mars med raud laupar, prisutdeling, underhaldning og sofaprat med gjestar frå filmbransjen. Fredag 24. mars blir det fagdag frå tidleg føremiddag. Kven som blir føredragshaldarar i år, vil ikkje arrangørane røpe enno. Både gallakvelden og fagdagen blir opne arrangement i Sogndal kulturhus og høver for publikum i alle aldersgrupper.

Fjorårsvinnarar

I fjor var det Dagny Sunde frå Eid som stakk av med publikumsprisen for filmen «Fryktfaktor». Håvard Bergo frå Eksingedalen vann fleire prisar i kortfilmkonkurransen, mellom anna for filmen om den 93 år gamle bestefaren sin, «Helge Bergo – Takk for turen».

Under fjorårets filmfagdag hadde festivalen mellom anna besøk av filmregissøren Erik Poppe, som synte klipp frå den komande storfilmen «Kongens nei», tv-aktuelle Leo Ajkic og Brennpunkt-redaktør Odd Isungset.  

Priskategoriar

Årets festival blir den tolvte i rekkja, og festival nummer elleve med kortfilmkonkurranse.

Priskategoriar 2017

Aldersgrupper

  • Juniorprisen (barn og ungdom til og med 15 år)
  • Seniorprisen (20–28 år)

For ungdom opp til 19 år

  • Beste regi og manus
  • Beste etterarbeid
  • Beste dokumentarfilm
  • Beste animasjonsfilm
  • Beste film

Alle aldrar

  • Beste sportsfilm
  • Publikumsprisen (nrk.no)
  • Juryprisen

Du kan følgje Sogndal Filmfestival på Facebook.

Heimesida til Sogndal Filmfestival.

For meir informasjon

Sunniva Breivik
Festivalsjef 

sunnivab@sogndalfilmfestival.no
941 33 142

Magnus Førde
marknadssjef
marked@sogndalfilmfestival@no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00