pvg 3vzkycj
pvg 3vzkycj

Foto: Robert Occhialini/www.flickr.com

Sogn og Fjordane-prosjekt utmerker seg i EU

Eit politikknotat som vart distribuert i EU i januar vier mykje plass til eit innovasjonsprosjekt som er leia av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Politikknotatet oppsummerer kva som skjer i europeisk distriktspolitikk med vekt på behovet for innovasjon.

Sogn og Fjordane-prosjektet er omtala fleire stadar. Blant anna blir arbeidet med å kople innovative miljø i Sogn og Fjordane saman med aktørar utanfor fylket for å gjere lokale miljø meir komplette løfta fram. Fylkeskommunen utviklar for tida eit samarbeid med klyngeprogrammet til Innovasjon Norge for å få dette til.

– Notatet gir ei god oversikt over arbeidet med distriktsutvikling i Europa, og det er kjekt at Sogn og Fjordane inspirerer, seier prosjektleiar Ingvild Andersen.

Prosjektet Policies to improve rural areas' innovation systems by professionalising networking activities and use of innovation tools starta i 2017 og er no halvvegs. Prosjektet er del av EU-programmet Interreg Europe, som mellom anna ser nærare på korleis europeiske regionar kan betre innovasjonspolitikken sin.

Les heile politikknotatet Rural Innovation Interreg Europe policy brief.

Meir informasjon

Ingvild Andersen
prosjektleiar
ingvild.andersen@sfj.no

Lars Hustveit
lars.hustveit@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00