Foto av fire ungar skulevegen. Biletet er teke bakfrå, og dei har oransje sekkar med refleks på ryggen. Det er sommar og blå himmel.

Foto: Anders Aa. Hagen/Trygg Trafikk

Søkjer kandidatar til Trafikktryggingsprisen

Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU), med leiar Noralv Distad i spissen, ønskjer no forslag til kandidatar til Trafikktryggingsprisen 2017.

– Arbeid med trafikktrygging kan skje på så mange ulike måtar. Det kan vere å trygge vegane våre, drive haldningsarbeid og opplæring og leggje til rette for mjuke trafikantar. Trafikktryggingsprisen skal vere både ei påskjønning for nedlagt innsats og ei oppmuntring til å halde fram arbeidet, seier leiar for FTU, Noralv Distad.

25 000 kroner

Prisen er på 25 000 kroner og kan gå til enkeltpersonar, grupper eller lag og organisasjonar som har gjort ein særskilt innsats for å gjere trafikken i Sogn og Fjordane tryggare. Prisen vert delt ut kvart år, og sjølve overrekkinga vert i år på fylkestinget sitt møte 17. oktober.

I fjor gjekk prisen til Anna og Helge Brakstad, for innsatsen for mjuke trafikantar langs fv. 57 ved Heggelund i Gulen. Andre prisvinnarar dei siste åra har vore to idrettslag (Vik og Markane) og Våge Kvinne- og familielag. Dei har fått prisen høvesvis for å ha bygd rulleskiløyper/-anlegg i Vik og på Ullsheim og for imponerande dugnadsånd for veglys i Fjaler.

Send inn forslag

FTU ønskjer grunngjevne forslag på aktuelle kandidatar til Trafikktryggingsprisen 2017. Fristen for å sende inn forslag er 12. september. Forslag skal sendast til anten

Statens vegvesen Region Vest v. FTU-sekretariatet
Askedalen 4
6863 Leikanger

på e-post til firmapost-vest@vegvesen.no eller i skjemaet under:

Kontaktinformasjon til den som nominerer




Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no