bilete av skulehus

Skulen min

Skulen min er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria i ein digital portal.

Vil du delta i fotokonkurranse? Klikk her for meir informasjon og konkurransereglar.

Alle kommunar skal med

www.skulenmin.no har vi fått på plass ei grunnleggande oversikt over skulekrinsar i stort sett alle kommunar i fylket. I ein del kommunar har vi også fått på plass informasjon om krinsane og skulehusa som har vore i desse, samt bilete, forteljingar, historier med meir. Men det er mykje som framleis står tomt, og vi trenger hjelp til å fylle på informasjon. 

Korleis kan du bidra? 

  • Send inn ditt bidrag - foto, minne, forteljing eller faktaopplysning - på e-post: skulenmin@sfj.no 
  • Rediger og legg til innhald på LokalhistorieWiki - vi kjem gjerne og held kurs i din kommune om de er fleire som er interessert. 
  • Send oss artiklar som vi kan publiserer på Kulturhistorisk leksikon eller på heimesida vår
  • Ta opp på lyd eller skriv ned historier frå skuletida i gamle dager, og send det til oss. 
  • Engasjer frivillige i sogelag, grendalag eller liknande til å samle inn og skrive ned fakta og historier frå din kommune/krins/skule. 

Vil du bidra med informasjon om skulehistorie i din kommune? Ta kontakt!

Bakgrunn

Det er mange ulike kjelder som fortel om skulehistoria, mellom anna katalogar, foto, gjenstandar, brev, dokument og forteljingar. Desse verdifulle materielle og immaterielle kulturminna finn ein hjå musea, arkiva, lokale organisasjonar eller andre, men ikkje alltid lett tilgjengeleg. Det er viktige kjelder til kunnskap som ikkje når ut til folk på ein god nok måte.

Fleire kulturaktørar i Noreg jobbar med å opne opp og tilgjengeleggjere kulturdata. Dette vil vi både bygge vidare på og dra nytte av i dette prosjektet. Målet er å digitalisere og tilgjengeleggjere meir materiale i dei opne nasjonale kulturdatabasane samtidig som vi i vår portal hentar ut skulestoff på tvers av fagområde.

Prosjektet vil prioritere perioden frå den første skulelova kom i 1739 til kommunesamanslåingsperioden på midten av 1960-talet. Både tilgang til kjeldemateriale og personvernsomsyn vil legge føringar for kva som vert digitalisert og formidla. Fylkesarkivet sit på skulearkiv fram til kommunesamanslåingane på midten av 1960-talet.

Status

Prosjektet fekk 400 000 kroner i støtte frå Riksarkivet 24. juni 2015. Prosjektet hadde då allereie fått 150 000 kroner frå Statens Vegvesen. Prosjektleiaren er tilsett i nærings- og kulturavdelinga i fylkeskommunen og resten av arbeidsgruppa kjem frå Fylkesarkivet.

Hyllestad er pilotkommune. Kommunen er spreiddbygd og rimeleg stor i omfang, med busetnad både ved innland og kyst. Korleis folk budde, speglar skulestrukturen og dette ynskjer vi å få fram. Gjennom samarbeid med Hyllestad kommune, sogelaget og engasjerte eldsjeler jobba vi hausten 2015 både med å kartlegge og digitalisere skulehistoria i Hyllestad, og med å utarbeide metodikk for prosjektet vidare. 

I 2016 jobbar prosjektet vidare med Hyllestad, men vi utvidar også til fleire andre kommunar. 

Samarbeidspartnarar

Hovudpartnarar:

  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  • Sogn og Fjordane fylkeskommune v/nærings- og kulturavdelinga

Økonomisk støtte:

  • Riksarkivet
  • Statens vegvesen

Andre samarbeidspartnarar:

  • Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
  • Sogn og Fjordane Ungdomslag - Huset i Bygda
  • Statsarkivet i Bergen
  • Sogelag og andre lokale lag og organisasjonar
  • Kommunar

Meir informasjon

Kontaktpersonar

Prosjektleiar:
Sigrun Espe
næring og kultur, Sogn og Fjordane fylkeskommune
sigrun.espe@sfj.no
990 44 666

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Sigrun Espe
Prosjektleiar
sigrun.espe@sfj.no
990 44 666

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00