Foto frå førestilling i Den kulturelle skulesekken. Tre karar opptrer i ein gymsal med ungar rundt seg. Dei spelar gitar, fele og cello.

Foto: David Zadig

Samlar kunst og kultur i Kulturtanken

Kulturtanken er den nye statlege etaten for kunst og kultur til barn og unge i skulealder. Tanken rommar Den kulturelle skulesekken og alt som tidlegare låg under Rikskonsertane.

– Vi er inne i ei spanande tid med mange endringar og nye mogelegheiter, seier Øyvind Høstaker, som er koordinator for Den kulturelle skulesekken (DKS) i Sogn og Fjordane.

Etter at alle endringane trer i kraft frå hausten 2018, vil fylkeskommunen gjennom DKS ha det samla ansvaret for formidling av alle kunstuttrykka, inkludert musikkfeltet.

Skulekonsertane inn i det samla tilbodet

DKS låg tidlegare under Kulturrådet, men no har staten samla alt som gjeld kunst og kultur for barn og unge i skulen i Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Norge.

Det betyr blant anna at skulekonsertordninga som tidlegare låg under Rikskonsertane, vert lagt ned og går inn som musikkdelen i det samla tilbodet innan Den kulturelle skulesekken. Barnehagekonsertordninga, eit samarbeid mellom Rikskonsertane og tolv fylkeskommunar vert ikkje vidareført i Kulturtanken, og ordninga vert lagt ned frå 2018.

Du kan lese meir om musikktilbodet i Kulturtanken på kulturtanken.no.

Ny organisering – same mål

Kulturtanken har det nasjonale ansvaret for Den kulturelle skulesekken (DKS), som fylkeskommunane organiserer og har ansvar for i fylka. Etaten ligg framleis under Kulturdepartementet, men samarbeider også tett med Kunnskapsdepartementet.

– Overgangen frå ei todelt ordning med DKS-sekretariatet for seg og Rikskonsertane for seg til ein felles etat, fører med seg mange endringar på statleg og fylkeskommunalt nivå. Men det viktige er at målet framleis er det same. Vi skal gje eit best mogeleg kunst- og kulturtilbod til elevane, understrekar Høstaker.

Små endringar for elevane og skulane

Elevar i den norske skulen skal få møte, oppleve og delta i kunst og kultur med høg kvalitet av alle slag. Tilbodet til elevane vil ikkje endre seg i særleg grad med den nye organiseringa. Skulane vil få like mange DKS-tilbod som tidlegare, men  det kan bli færre musikkproduksjonar og fleire tilbod innan andre kunstutrykk.

Fylka står no friare i planlegginga og kan til dømes i større grad gjennomføre eigne satsingar. Å gje eit tilbod med høg kvalitet, vert framleis det viktigaste når fylkeskommunen legg planane for dei kommande skuleåra.

– I 2016 fekk Sogn og Fjordane fylke, saman med Telemark, førsteplass på Norsk kulturindeks 2016 når det gjeld tilbod i DKS. Det er vi svært nøgde med, men vi kan ikkje lene oss på det. Målet vårt er alltid at skulane skal få eit breitt tilbod når det gjeld sjangrar, og at kvaliteten på innhaldet skal vere på topp. Med etableringa av ein ny og sterk nasjonal etat og overføring av meir ansvar til fylkeskommunane står vi endå betre rusta til å gjere ein god jobb, slår Høstaker fast.

Tettare samarbeid

Samarbeidet mellom skulesektoren og kultursektoren skal forsterkast med den nye organiseringa, og forankrast gjennom Kulturtanken på nasjonalt nivå. Målet er at DKS og skulane skal jobbe tettare saman enn før, og at DKS i endå større grad skal bli ein integrert del av skulekvardagen.

Kulturtanken skal mellom anna opprette utval og fagråd for å jobbe med kvalitet i alle kunstuttrykk og formidling. I tillegg skal det satsast på forskings- og utviklingsarbeid.

Ny logo og grafisk profil

Ny organisering og ny etat fører også med seg visuelle endringar. Den nye logoen til Kulturtanken symboliserer det rike mangfaldet av uttrykk, menneske og kunstsjangrar som Den kulturelle skulesekken representerer.  

Du kan lese meir om Kulturtanken sin grafiske profil og logo på Kulturtanken sine nettsider

Les meir

For meir informasjon

Øyvind Høstaker
koordinator for Den kulturelle skulesekken
952 22 168
oyvind.hostaker@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00