Fuglar. Foto: Torbjørn Hasund

Regionalt planforum

Planforum skal bidra til gjensidig informasjon, drøfting og avklaring av planspørsmål og sektorinteressar mellom kommunar, fylke og sektormynde. Forumet er eit uformelt diskusjonsorgan og ikkje eit vedtaksorgan.

Kva er føremålet?

Planforum skal bidra til gjensidig informasjon, drøfting og avklaring av planspørsmål og sektorinteressar mellom kommunar, fylke og sektormynde. Det skal og bidra til betre samordning av ulike interesser og syn, raskare avklåring og ein meir samstemt praksis i plansaker i fylket. Planforum medverkar til å styrke planlegginga generelt og til å redusere talet på motsegner. Forumet er ikkje eit vedtaksorgan, og formelle avgjerder vert ikkje gjort her.

Vi har laga eit informasjonshefte om bruk av planforum:
Informasjonshefte
Vedleggshefte

Kva type planar?

Drøfting i planforum er særleg naudsynt for kommuneplanane, men og for kommunedelplanar og større reguleringsplanar. Det er ønskjeleg at kommunane kjem i planforum med ein plan minst to gonger; ein gong før planprogram og ein gong før plan­framlegg vert sendt til offentleg ettersyn.

Planforum har tradisjonelt i stor grad teke opp kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplanar. I tråd med ny plan og bygningslov si styrking av kommuneplanen sin samfunnsdel vil vi no oppmode kommunane om å kome i planforum også med samfunnsdelen. Dei som møter i planforum frå statleg og fylkeskommunale forvaltning vil frå gong til gong verte ulikt samansett alt etter kva type plan det er snakk om. Det er og aktuelt å drøfte kommunale planstrategiar som er innført med ny plan- og bygningslov.

Meld inn saker seinast ein månad før møtedato til Torbjørn Hasund på torbjorn.hasund@sfj.no eller tlf 930 04 685. Dokument og problemstillingar skal vere oss i hende seinast 14 dagar før møte.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Torbjørn Hasund
Rådgjevar
Torbjorn.Hasund@sfj.no
930 04 685

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette