Regional transportplan

Den overordna visjonen for transportpolitikken i Sogn og Fjordane er «å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg transportsystem som fremmer regional utvikling».

Regional transportplan skal vere ein langsiktig strategiplan for transportsektoren i Sogn og Fjordane.

Regional transportplan (RTP) omhandlar heile transportsystemet i fylket inkludert transportformer der ansvar og verkemiddel ligg til andre forvaltningsnivå enn det fylkeskommunale. Fokuset vil vere god framkomst for personar og gods i heile fylket, reduksjon i tal transportulukker, reduksjon av klimagassar innan transportsektoren og tilpassing av infrastrukturen til eit endra klima med meir nedbør. 

Utarbeiding av/revisjon av ein regional plan som transportplanen, skal følgje føresegnene i plan- og bygningslova. Dei krev at det skal utarbeidast eit planprogram som avklarar innhald, prosess, medverknad og framdrift før arbeidet med sjølve planen vert starta opp.

Regional transportplan vil som regel bestå av ein analysedel der vi ser på utviklingstrekk og framtidige utfordringar innan transportsektoren. I tillegg vil transportplanen ha eit plandokument med eit 4-årig handlingsprogram med oversikt over planlagde investeringar i perioden. Handlingsprogrammet vil også innehalde enkelte retningsliner for ulike område som fylkeskommunen har eit ansvar for.

Regional transportplan for Sogn og Fjordane vart første gang vedtatt i fylkestinget i desember 2013, og skal reviderast kvart 4 år. Siste revisjon var 2017.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no