Kart over det geografiske området for Vestland fylkeskommune

Regional planstrategi for Vestland fylkeskommune

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane har gitt fellesnemnda for Vestland fylkeskommune fullmakt til å starte opp førebuande arbeid med regional planstrategi for den nye fylkeskommunen. 

På denne sida kan du følgje arbeidet med regional planstrategi for Vestland fylkeskommune.

Strategisk utviklingsplan for Vestland fylkeskommune - oppstart av førebuande arbeid for regional planstrategi

Fellesnemnda skal ha ansvar for eit førebuande arbeid med regional planstrategi for Vestland fylkeskommune (2020-2024). Bakgrunnen for at arbeidet vert starta opp no er for å sikre oss at det nye fylkestinget har eit best mogeleg grunnlag for sitt arbeid med ny planstrategi. I tillegg skal arbeidet også legge grunnlaget for ein god samanslåingsprosess gjennom eit felles kunnskapsgrunnlag for utviklingstrekk og utfordringar for den nye fylkeskommunen, samt utvikling av eit visjon, mål - og strategidokument.

Sjå sak 28/18 i Fylkestinget for meir informasjon

 

Regional planstrategi – konsekvensar som følgje av oppstart av førebuande arbeid for regional planstrategi for Vestland fylkeskommune

Grunna fylkessamanslåinga er det trong for å revidere framdrifta av planarbeid i gjeldande planstrategi. Det har i mindre grad noko føre seg å starte opp eigne planarbeid no, i tillegg vil det førebuande arbeidet med felles planstrategi for dei to fylka krevje ressursar.  

I gjeldande planstrategi vil dette ha konsekvensar for;   

  • Regional plan for arealbruk. Eventuelt oppstart vert utsett til nytt fylkesting er konstituert. Arbeidet med revisjon av Regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter vert starta opp hausten 2018.
  • Regional plan for folkehelse. Eventuell oppstart vert utsett til nytt fylkesting er konstituert.

Sjå sak 29/18 i Fylkestinget for meir informasjon

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette