Gamle Lærdalsøyri. Foto: Jan Christian Jerving.

Foto: Jan Christian Jerving

Regional planlegging

Eit planspørsmål som har betydning for fleire kommunar er i utgangspunktet eit aktuelt tema for ein regional plan. Regionale planar kan vere ulike når det gjeld geografi og tema, men vil vere like når det gjeld handsaming og verknad. Regelgrunnlaget for regional plan finn du i kapittel 8 i plan- og bygningslova.

Dei regionale planane og strategiane er både politisk arena og styringsdokument for utviklinga i fylket.

Dei er den overordna reiskapen fylkeskommunen nyttar i rolla som utviklingsaktør. Fylkeskommunen samarbeider med organisasjonane i næringslivet, kommunar, regional statsforvaltning, ulike kompetansemiljø og frivillige organisasjonar om utforming og gjennomføring av planane.

Fylkesspegelen inneheld statistikk innan mange ulike tema som er aktuelle for fylket, som kan nyttast som grunnlag for plan- og strategiarbeid.

Fylkesatlas inneheld areal tema som er nyttig å bruke i samband med plan- og strategiarbeid. Karttenesten inneheld dei viktigaste tema som ein skal ta omsyn til i planlegging.

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Torbjørn Hasund
Rådgjevar
Torbjorn.Hasund@sfj.no
930 04 685

Annlaug Helene Kjelstad
Seniorrådgjevar
Annlaug.Helene.Kjelstad@sfj.no
994 56 724 

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette