Foto av Tverrelvi i Flåm, etter at ho var nyetablert etter flaumen i Flåmselvi i 2014.

Tverrelvi er nyetablert etter flaumen i Flåmselvi 2014. Under molda ligg ein skjult forbygging som vil sikre marka mot utrasing ved ny flaum. (Foto: Anders Muldsvor)

Prosjekt skal betre flaumsikring og miljøtilstand

Eit nytt FoU-prosjekt vil finne fram til miljøvennlege metodar for restaurering av vassdrag og trygge dei mot flaum. 

Mange inngrep i vassdraga våre har ført til dårlegare levevilkår for vasslevande organismar (m.a. fisk og botndyr). Årsakene til inngrep er mange. Med klimaendringar og aukande nedbør er det trong for å sikre vassdraga mot flaum.

FoU-prosjektet «Flaum og vassdragsmiljø i eit endra klima – innovative metodar for restaurering og betre miljøtilstand» er finansiert av NVE, med bidrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Arbeidet vert gjennomført av Uni Research Miljø LFI og BOKU University of Natural Resources and Life Sciences, Vienna. Prosjektet går over ein fem årsperiode frå 2017 til 2021.

Uni Reseach Miljø presenterer prosjektet i ein video om miljøvennleg flaumsikring.

Du kan lese meir om prosjektet på vannportalen.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00