Fotoet er vinnaren av fotokonkurransen om klimaomstilling

Eric Sadorge

Strategiar og mål for planperioden

Regional plan for klimaomstilling - Plandel

Arbeidet med klimaomstilling inkluderer både utsleppsreduksjon, klimatilpassing og samfunnsendring. Plandelen tek for seg strategiar og mål for planperioden. 

Plandel_Vedteke i FT juni 2018.pdfRegional plan for klimaomstilling har eit overordna mål om å

 

saman få til klimaomstilling i Sogn og Fjordane

 

Klimaomstilling siktar til at det er nødvendig å setje inn omfattande tiltak, som kan endre samfunnet på systemnivå. Dette må skje relativt raskt om vi skal klare 2-gradersmålet, og det langsiktige målet til FN sitt klimapanel om netto nullutslepp.

Klimaomstilling omfattar såleis både samfunnsendring, klimatilpassing og utsleppsreduksjon, vi må bli «smartare, tryggare og grønnare». Det overordna målet inkluderer difor at Sogn og Fjordane er: 

SMARTARE:

 

kvar einskild tek ansvar, og fylket utviklar fagmiljø, kunnskap og næring.

 

TRYGGARE:

bygg, busetnad, infrastruktur og samfunn er tilpassa, og har redusert sårbarheit, i møte med klimaet i dag og i framtida. 

 

GRØNARE:

fylket tek minst sin del av dei nasjonale måla om utsleppsreduksjon.

 

Klimaendringane er så store at ein bør ta fleire verkemiddel i bruk på alle nivå og samfunnsområde. I og med at samfunnet på sikt må ha netto nullutslepp av klimagassar er det nødvendig å redusere utslepp knytt til både produksjon og forbruk, som igjen inneber at vi må endre både produksjonssystem og det offentlege og private forbruket.

Klimaomstilling går på kryss av sektorar og tema. For å oppnå det overordna målet er det på bakgrunn av utfordringsbiletet i kunnskapsgrunnlaget definert eit temamål for kvar av dei åtte plantema.

Avgrensingar av arbeidet har vore naudsynt, og 8 plantema blei prioritert som dei viktigaste områda for klimaarbeidet i fylket.

Regional plan for klimastilling 2018-2021 - Plandel

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette