Regionale planar

Regionale planar

Regionale planar skal følgja prosess og krav til medverknad og høyring etter plan og bygningslova. Endeleg vedtak i fylkesting. Planen skal følgjast opp med årlege handlingsprogram og budsjett. For regional plan er det mogelegheit for rettsleg bindande bestemmelsar for areal. Regional plan kan og påleggjast av staten.

Dei er den overordna reiskapen fylkeskommunen nyttar i rolla som utviklingsaktør. Fylkeskommunen samarbeider med organisasjonane i næringslivet, kommunar, regional statsforvaltning, ulike kompetansemiljø og frivillige organisasjonar om utforming og gjennomføring av planane.

Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 2016–2020 er førande for arbeidet med den regionale planlegginga.

Det er gjort ei justering på status og framdrift av dei regionale planane. Sjå sak 34/2017 i fylkestinget.

Grunna fylkessamanslåinga er det trong for å ytterligare revidere framdrifta av planarbeid i gjeldande planstrategi. Det har i mindre grad noko føre seg å starte opp eigne planarbeid no, i tillegg vil det førebuande arbeidet med felles planstrategi for dei to fylka krevje ressursar.  

I gjeldande planstrategi vil dette ha konsekvensar for;   

  • Regional plan for arealbruk. Eventuelt oppstart vert utsett til nytt fylkesting er konstituert. Arbeidet med revisjon av Regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter vert starta opp hausten 2018.
  • Regional plan for folkehelse. Eventuell oppstart vert utsett til nytt fylkesting er konstituert.

Sjå sak 29/18 i Fylkestinget for meir informasjon

Vedtekne regionale planar

Felles verneplan og fylkesdelplan for Naustdal - Gjengedal - Stølsdalen i Naustdal - Gjengedal
Fylkesdelplan for arealbruk - sjekkliste  og Regional planføresegn for handel 2017
Regional plan for klimaomstilling 2018-2021
Fylkesdelplan for landbruk
Regional plan for folkehelse 2015–2025
Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016–2019
Regional plan for Nordfjella
Regional plan for Ottadalsområde
Regional transportplan 2018–2027
Regional plan for vasskraft
Regional plan for vindkraft
Verdiskapningsplan på nett
Regional plan for Sogn og Fjordane vassregion 2016-2021
Regional strategisk plan for kysten 2018-2029

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Synnøve Stalheim
Plansjef 
Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette