Over 1,5 mill. kr. til opplevingar

Programstyret for fylkesplanprogram for opplevingsnæringar har tildelt midlar til 20 prosjekt. Prosjekta skal gje auka verdiskaping for bedrifter, og meir attraktive lokalsamfunn gjennom satsing på opplevingsnæringane.

Tiltaka som får støtte dekkjer område på minst kommunenivå og har med mat-, kultur- og naturbaserte opplevingar å gjere.

Mat, kultur og naturbaserte opplevingar

Det kom inn totalt 52 søknader om støtte, med ein samla søknadssum på over 8 mill. kr. Programstyret gjev tilskot til 20 av prosjekta. Mellom prosjekta som får støtte er Fjellsportfestivalen i Sogndal. - Fjellsportfestivalen har profilert fylket på ein framifrå måte, også nasjonalt, seier programsekretær Arne Monrad Johnsen. Det er eit vidt spekter av opplevingar som får tilskot, alt frå gardsopera via innlandsfiske til fjellfilmfestival. - Vi er også svært spente på nettverksprosjekt som Coast Event og Nordfjord Oppleving. Opplevingsbedriftene har eit sterkt behov for å organisere seg, og prøver no ut ulike modellar, seier Johnsen.

Desse prosjekta får støtte i 2009:

 
Prosjekt Søkjar

Tilskot (i kr.)

Fjellsportfestivalen 2009 Fjellsportfestivalen

250 000

Innlandsfiske som opplevingsnæring SF Bondelag og SF Skogeigarlag

200 000

Nordfjord Oppleving Opplevingsnæringar i Nordfjord

150 000

Vi får det til - opplevingsturisme med Coast Event Knuteholmen Restaurant og pub

150 000

Norsk geitesenter i Aurland Norsk Geitesenter S/A

100 000

Vikingfjorden Vikingfjorden ved Merete Larsmoen

100 000

Bokbyfestivalen Stiftinga Den Norske Bokbyen

50 000

Fjellfilmfestivalen 2009 Stiftelsen Fjellkultur

50 000

Florø Havfiskefestival Florø Havfiskeklubb

50 000

Highcamp Turtagrø Fri Flyt AS

50 000

Natur, kultur og aktivitet som motor.. Bremanger kommune m.fl

50 000

Smak av Sogn Norlandia Vesterland Resort

50 000

Tru og Natur reCap

50 000

Utkantfestivalen 2009 Stiftelsen Utkant

50 000

Åmot Gardsopera Åmot Gard ved Steinar Sørli

50 000

Fjordvert - Undredal Undredal Grendelag

50 000

Norsk Brefestival 2009 Norsk Brefestival, Jostedal

40 000

Kystvegleiarkurs Norsk kystkulturakademi

30 000

Fjord- og symjeopplevingar i Sogn Sogn Fjordsymjeklubb

25 000

Norgescup i Flugefiske Yndestad Gard

20 000

SUM  

1 565 000


Seminar om utvikling av opplevingsbedriftene

Programstyret støttar mange tiltak innan opplevingsnæringane i fylket, her er nokre av dei:
Hodlekve_Foto_Fjellsportfestivalen
Fjellsportfestivalen i Sogndal, Foto: Fjellsportfestivalen

Sogn Fjordsymjeklubb.Foto_Terje Eggum

Fjord- og symjeopplevingar i Sogn. Her ser vi kryssing av Esefjorden. Foto: Terje Eggum
Fiske i Gaula_Foto vikingfjorden
Vikingfjorden. Laksefiske i Gaula. Foto: Vikingfjorden

Programstyret har i tillegg til prosjekta som får støtte, sett av midlar til eit seminar i regi av programstyret, retta mot utvikling av opplevingsbedriftene. Programstyret kjem tilbake med meir informasjon om dette etterkvart.

Fylkesplanprogrammet for opplevingsnæringane

Er eit av fem fylkesplanprogram som skal følgje opp målsetjingane i fylkesplanen gjennom partnarskapsarbeid. Programstyret jobbar mellom anna for auka verdiskaping for bedrifter, og meir attraktive lokalsamfunn gjennom satsing på opplevingsnæringar. Program for Opplevingsnæringar forvaltar om lag 1,7 mill. kr. i 2009. Desse midlane er løyvd av fylkeskommunen sitt hovudutval for plan og næring. Midlane skal gå til prosjekt og fellestiltak for opplevingsbedriftene gjennom utlysing, men kan også nyttast av programstyret til eigne prosjekt og tiltak.

I programstyret sit representantar frå fylkeskommunen, fylkesmannen, regionråda, Innovasjon Norge og næringa.

Satsingsområda i 2009 er:

  1. Festivalar, arrangement og kulturformidling
  2. Kompetansehevande tiltak
  3. Marknadstiltak, produktutvikling og pakking
  4. Infrastruktur, møteplassar og nettverk

For meir informasjon kontakt:

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Arne Monrad Johnsen
Mobil: 41 53 09 78
E-post: arne.monrad.johnsen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven