Karen Marie Hjelmeseter og Atle Skrede ved opninga av dagsturhytta Eikjabu i Luster. Dei smiler og gjev tommel opp framfor skiltet på hytta.

Foto: Erling Bjørnetun/Luster kommune

Opna dagsturhytta i Luster

Over 150 møtte opp til den offisielle opninga av Eikjabu på Ytre Eikum, den første dagsturhytta ved sjøen.

Leiar i hovudutval for kultur og næring i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Karen Marie Hjelmeseter, fekk æra av å opna dagsturhytta i Luster laurdag 12. mai. Mellom 150 og 200 turglade møtte fram i finvêret.

Eikjabu er den første dagsturhytta som ligg ved sjøen, og er lettast tilgjengeleg med kajakk frå Vedvik eller Solvorn. Hytta vart sett opp tidlegare i år. Sjå film frå bygginga her:

 

I løpet av 2018 skal alle kommunane i Sogn og Fjordane ha fått si eiga dagsturhytte. Dagsturhyttene skal vere lett tilgjengelege og er utstyrte med eit nynorsk minibibliotek. Les meir om dagsturhyttene her.

Meir om opninga

Håvard Ruud leiar i Dnt Ung Luster ynskte alle velkomne og presenterte historia til kajakk-aktiviteten til Luster turlag. Jan Petter Vadheim representerte og helsa frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som har vore hovudsponsor for prosjektet i dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane.

Karen Marie Hjelmeseter fekk også æra av å montere skiltet på dagsturhytta i Luster kommune saman med Atle Skrede, rådgjevar fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Hyttestyret til Eikjabu i Luster turlag fekk stor takk for dugnadsinnsats og for rolla som driftsansvarleg på Eikjabu av ordførar Ivar Kvalen. Byggjeleiar Johannes Øygarden i Luster kommune orienterte om bygginga på Ytre Eikum, og framheva samarbeidet med grunneigaren Johannes Vedvik og dugnadsfolka i Luster turlag.


Håvard Ruud i DNT Ung ved opnigna av dagsturhytta Eikjabu i Luster
Håvard Ruud, leiar i DNT Ung Luster ynskte alle velkomne under opninga av dagsturhytta Eikjabu i Luster kommune. Foto: Erling Bjørnetun/Luster kommune

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00