Fotocollage som syner den varierte naturen i Sogn og Fjordane. Først ser vi Nigardsbreen i Jostedal, med ein båt på veg inn mot breen. Neste bilete er utsikt mot Hurrungane. Nummer tre syner Utvær fyr  i Solund, og det siste syner båt på Sognefjorde

Foto Sognefjorden og Nigardsbreen: Rolf M. Sørensen. Foto Utvær fyr: Magne Hamre. Foto Hurrungane: Birthe Johanne Finstad

Om Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane er fylket midt på Vestlandet i Noreg. Det strekkjer seg frå kysten i vest og inn til langfjella i aust.

Geografien er variert og storslått og gjer fylket til ein turistattraksjon i seg sjølv. Vi har kysten og storhavet, djupe fjordar, kalde brear og høge fjell. Vi har den lengste fjorden og den største breen i landet.

Næringslivet i Sogn og Fjordane er i stor grad basert på ressursane naturen byr på, som landbruk, fruktdyrking, fiske, fiskeoppdrett, reiseliv, maritim verksemd og kraftproduksjon. Industri har også vore, og er svært viktig for fylket. Vi har næringsklynger innan blant anna høgteknologisk industri, maritim og offshore,  finans og økonomi, design og energi og IKT. Fleire IKT-gründerar har etablert seg i fylket. Dette er ein bransje i vekst, og Sogn og Fjordane er eit lite fylke, der gründertankar kan realiserast raskt.

Sogn og Fjordane grensar mot Hordaland i sør, Møre og Romsdal i nord og Oppland og Buskerud i aust.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Sogn og Fjordane fylkeskommune
postmottak.sentraladm@sfj.no
57 63 80 00

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven