Foto av rektor Aksel Hugo ved Sogn Jord- og Hagebruksskule inne i eitt av drivhusa ved skulen. Vi ser mange grøne planter og nokon som jobbar med dei bak han.

Foto: Sogn Jord- og Hagebruksskule

Økoskulen får EU-middel

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) har fått EU-middel til å utvikle kompetanse og praksis innan økologisk entreprenørskap.

Økoskulen i Aurland er ein av seks norske skular i kategorien for yrkesutdanning som har fått økonomisk støtte til å leie eit toårig internasjonalt ERASMUS+-prosjekt som skal gå fram til 2019. Totalsum til prosjektet er 87 000 euro.

Økologi og berekraft

Økologi og berekraft i landbruket i framtida gjeld ikkje berre produksjonssida og maten, men òg nye samarbeidsformer. Økologisk entreprenørskap handlar om å få fram eit økologisk produkt og om å skape nye og berekraftige former for samvirke, omsetjing og sal. Eit aktuelt døme på slik nyskaping er andelslandbruk som veks i omfang, spesielt i bynære område.

– Uansett kvar ein bur, handlar økologisk entreprenørskap om å skape ut frå eigne verdiar og ressursar i sampel med andre menneska, eigenarten til staden og trendar i samfunnet, seier rektor Aksel Hugo ved SJH.

Nettverksbygging og erfaringsdeling

ERASMUS-prosjektet skulen har fått middel til, vil bli fagleg leia av Jorunn Barane ved Ressurssenteret på SJH. Prosjektet skal i hovudsak jobbe med nettverksbygging og erfaringsdeling lokalt og globalt mellom ulike aktørar innafor faget frå Sverige, Danmark og England. I tillegg er Universitetet Nord med Senter for økologisk økonomi og etikk med som partnar.

– Arbeidet no er å leggje til rette for at elevar og tilsette ved SJH kan ta del i denne erfaringsdelinga, skape nye nettverk og alliansepartnarar for framtida. Det økologiske landbruket har ei oppgåve i å vise veg for framtidas landbruk, også når det gjeld koplinga mellom økologi og sosial verdiskaping. At vi nådde fram i konkurransen ser eg som eit teikn i tida. I Hordaland er det to prosjekt som også skal sjå nærare på koplinga mellom det sosiale og økologiske som vann fram, avsluttar Hugo.

For meir informasjon

Aksel Hugo
Sogn Jord- og Hagebruksskule
aksel.hugo@sfj.no
57 63 71 36 / 479 70 862

Jorunn Barane
prosjektleiar
jorunn.barane@sfj.no
970 05 951

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH)

  • I Aurland, Sogn og Fjordane, ligg Noregs einaste heiløkologiske landbruksskule. Skulen har elevar frå heile landet i alle aldrar.
  • Studietilbod Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Frå hausten 2017 også fagskule i økologisk landbruk.
  • Skulen vart grunnlagt i 1917 og feirar 100-årsjubileum 21.-23. september.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00