Foto frå utsiktspunktet på Stegastein i Aurland. Vi ser nokre folk stå ute på utsiktspunktet, det er blå himmel, sol og grøne tre.

Foto: Rolf M. Sørensen

Nytt om infrastrukturmidlane for reiselivet

Infrastrukturmidlane blir frå 2018 lyste ut 15. januar, med tildeling i mars. Midlane vert gitt for inneverande år, noko som betyr at prosjekt som får støtte, må startast opp i løpet av 2018.

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser årleg ut midlar som skal gå til prosjekt som støttar opp under infrastrukturen knytt til reiselivet i fylket.

Tidlegare har midlane blitt tildelte av styret for INU-FSF (Den interkommunale næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Flora og Sogndal). Tildelinga har då funne stad seinare på våren, og utlysinga har retta seg mot prosjekt med oppstart året etterpå.

Søknadsfrist 15. februar

INU-FSF ordninga er under avvikling, og midlar som er sette av til infrastruktur i reiselivet no vert tildelte over budsjettet til fylkeskommunen, som er klart i desember kvart år. Det betyr at summen er klar tidlegare enn før, noko som gjev rom for å tildele midlane til prosjekt retta mot infrastruktur i reiselivet tidlegare.

Dermed blir midlane frå 2018 av lyste ut 15. januar med søknadsfrist 15. februar.

Programstyret for infrastruktur har møte i byrjinga av mars, og fordelinga av midlane vil vere klar kort etter dette. Tilskot vert gitt for inneverande år, det vil sei at prosjekt som får midlar mars 2018 skal ha oppstart same år.

For meir informasjon

Ingeborg Lysne McEvoy
ingeborg.lysne.mcevoy@sfj.no
906 34 837

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00