Foto av to gullfiskebollar. Den eine er tom, og i den andre er det fem fiskar, der den eine har teke sats og er på veg over i den tomme bollen.

Foto: Kay Kim/www.flickr.com

Nytt EU-nettverk skal gje meir innovasjon

EU-nettverk Sogn og Fjordane skal hjelpe lokale aktørar å kome med i verdas største forskingsprogram, Horisont 2020. Det kan gje meir konkurransedyktige arbeidsplassar i fjordfylket.

Horisont 2020 er forskings- og innovasjonsprogrammet til EU. Programmet har eit budsjett på 80 milliardar euro for perioden 2014–2020. Det skal støtte forsking og innovasjon med stor samfunnsnytte, og norske søkjarar stiller på lik linje med søkjarar frå EU-land.

Relevant for mange

Forskningsrådet har no gitt støtte til etableringa av eit eige EU-nettverk for Sogn og Fjordane. Målet med det nye nettverket er at forskarar, offentlege etatar og næringslivet saman skal bli betre rusta til å delta i Horisont 2020. På sikt kan dette gje auka innovasjon og betra konkurranseevne i fylket. Fylkeskommunen har ei viktig rolle med å koordinere aktivitetane i EU-nettverket med andre aktivitetar i verkemiddelapparatet, samt å mobilisere til deltaking.

EU-nettverk Sogn og Fjordane vil gje draghjelp til prosjekt innan energi, miljø, klima og IT. Desse satsingsområda famnar så vidt at nettverket vil vere relevant for ei rekkje bransjar – alt frå matprodusentar til reiselivsaktørar. Områda er valde både fordi fylket vil ha behov for kompetanse på desse felta i framtida, og fordi fylket allereie har sterke aktørar og stort potensial innan felta.

På tvers av sektorar

Hittil har berre to aktørar i Sogn og Fjordane fått støtte gjennom Horisont 2020. Berre Hedmark, Finnmark og Svalbard har like låg deltaking i EU-programmet.

– Det har nok kjenst langt frå Sogn og Fjordane til Brussel og vanskeleg å få tak i midlane frå Horisont 2020. Ein må kjenne EU-systemet og ha kapasitet til å lage ein god søknad, seier viserektor for forsking og utvikling ved Høgskulen på Vestlandet, Erik Kyrkjebø.

Han trur det nye nettverket vil gjere det lettare å få i gang EU-støtta forskingsprosjekt i Sogn og Fjordane. Det trur også direktør Merete Lunde ved Vestlandsforsking.

– Berre dei beste søknadane kjem gjennom nålauga til Horisont 2020. Med eit nettverk der ein kan samarbeide og lære av kvarandre, kan terskelen verte lågare, seier ho.

Vestlandsforsking har lang erfaring med deltaking i EU-prosjekt. Det var dei som tok initiativ til det nye nettverket. Med i kjernegruppa er også Sogn og Fjordane næringsråd, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet. Fylkeskommunen, Innovasjon Norge og NHO er med i ei koordineringsgruppe. Saman skal dei jobbe for ei brei deltaking i nettverket og samarbeid på tvers av sektorane.

Kan gje løft til næringslivet

Måla med Horisont 2020 er å løyse framtidige samfunnsproblem, skape økonomisk vekst og nye arbeidsplassar. Det er derfor ein fordel om innovative private verksemder deltek i prosjekta. Mange verksemder i Sogn og Fjordane kan bidra, og har potensial til å vekse om dei deltek i EU-prosjekt, meiner Leon Bakkebø. Han er leiar i det nyskipa Sogn og Fjordane Næringsråd som skal stimulere til auka samhandling og utvikling i næringslivet.

– EU-midlane er ein enorm pott som næringslivet i Sogn og Fjordane ikkje utnyttar godt nok. Sogn og Fjordane har mange verksemder som er leiande og banebrytande i si næring. No må vi skape interesse for Horisont 2020 og få forståing for at ei kopling mot forskingsprosjekt kan gje dei eit langsiktig løft og skape attraktivitet for framtidige kompetansearbeidsplassar i fylket. Krava til utvikling vil bli stadig tøffare, og næringslivet må trekkje på forskings- og kompetansemiljøa, seier han.

Bakkebø har stor tru på at det nye EU-nettverket kan bidra til eit tettare samarbeid mellom næringslivet og forskingsmiljøa.

Sogn og Fjordane-modellen

Omgrepet «Sogn og Fjordane-modellen» har blitt nytta om offentlege og private aktørar som samarbeider om å nå felles mål. IT-forum Sogn og Fjordane er eit døme på slikt samarbeid. Forumet har delteke i fleire EU-prosjekt, noko som var medverkande til at Difi vart etablert på Leikanger. No får fylket ei eiga IT-utdanning.

– Dette er et døme på at godt samarbeid mellom forsking, offentleg og privat sektor kjem heile fylket til gode. Sogn og Fjordane har kanskje ikkje dei største aktørane, men dei einskilde aktørane er svært langt framme, og i mange tilfelle også internasjonalt leiande innan sine sektorar. Ved å løfte i flokk mot felles mål, kan vi vonleg ta ut større synergiar enn vi klarer kvar for oss, seier seniorrådgjevar Svein Helge Steinsåker hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Det nye EU-nettverket skal byggje vidare på erfaringa med IT-forum.

Inviterer til verkstad

31. mai arrangerer EU-nettverket den første prosjektverkstaden for verksemder som arbeider med helse, tryggleik, klimaomstilling eller energi. Temaet for verkstaden er IT og beredskap. Målet er å bli betre kjende med kvarandre og samarbeide om idear til konkrete prosjekt som kan få støtte frå Horisont 2020.

Deltakarane på prosjektverkstaden får mellom anna høyre frå Henning Maagerud i Forskningsrådet om kva moglegheiter som finst for IT-sektoren i H2020 framover. Dessutan kjem Geir Gjørsvik frå Paneda for å dele sine erfaringar med å søke Horisont 2020 om støtte til forskings- og innovasjonsprosjekt.

Verkstaden er open for både næringsliv, offentlege etatar og FoU-institusjonar som er interesserte i Horisont 2020 samarbeid. Påmelding innan 24. mai til Zuzana Nordeng ved Vestlandsforsking: zno@vestforsk.no.

For meir informasjon

Svein Helge Steinsåker, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, tlf.: 908 95 078

Leon Bakkebø, Sogn og Fjordane Næringsråd, tlf.: 908 34 487

Erik Kyrkjebø, Høgskulen på Vestlandet, tlf.: 930 59 349

Merete Lunde, Vestlandsforsking, tlf.: 996 07 678

Prosjektleiar Zuzana Nordeng, Vestlandsforsking, tlf.: 902 29 096

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00