Foto frå vegen over Hemsedalsfjellet. Vegen er berre, men det ligg snø i terrenget.

Foto: Oddgeir Hvidsten/www.flickr.com.

Nøgd med at næringslivet vann fram

Fylkesordførar Jenny Følling er nøgd med at Hemsedalsfjellet blir hovudvegsamband for næringstransport. Men ho slår også fast at det står att ein knallhard kamp om kronene.

– Regjeringa og samarbeidspartia har slått fast eit viktig prinsipp med denne avklaringa. At Hemsedalsfjellet blir hovudvegsamband for næringstransport mellom aust og vest, betyr at vegen må rustast opp til den standarden som næringslivet treng. Det er veldig viktig for det eksportretta næringslivet vi har her på Vestlandet, seier Følling.

Det har vore knytt stor spenning til kva som skulle bli stamveg nummer to mellom aust og vest – rv. 7 over Hardangervidda eller rv. 52 over Hemsedalsfjellet. I dag kom avklaringa.

Ventar hard kamp

Regjeringa og samarbeidspartia vil ikkje velje to stamvegar, men gir heller tre trasear ulike funksjonar: Hemsedalsfjellet skal vere hovudsamband for næringstrafikk, Hardangervidda for persontransport, og Filefjellet skal fungere som avlastningsveg.

Fylkesordføraren har kjempa hardt for Hemsedalsfjellet som den andre stamvegen, blant anna utifrå eit nærings- og reiselivsperspektiv. Ho er glad for avklaringa, men tykkjer også det heile framstår som litt ullent.

– Det ber litt preg av Ole Brumm-politikk dette, ja takk, begge delar. Vi har ein stor jobb å gjere for å kjempe fram dei prosjekta som trengst over Hemsedal, og det blir ein knallhard kamp om prioriteringar og pengar. Men vi har sterke aktørar på laget, blant andre LO, NHO og Norges Lastebileier-Forbund har støtta Hemsedalsfjellet heile vegen. I tillegg er reiselivet i Sogn 1,5 gonger større enn i Hardanger, noko som er viktig for tyngda på det området, seier Følling.

Funksjonsdeling

Regjeringa og samarbeidspartia legg opp til slik funksjonsdeling mellom dei tre traseane Hardangervidda, Hemsedalsfjellet og Filefjellet i framtida:

  • Rv. 7 Hardangervidda skal utviklast som hovudvegsamband for persontrafikk, med stor vekt på moglegheitene som finst for turisme og med omsyn til villreinproblematikken
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet skal vere hovudvegsamband for næringstransport. Her skal ein leggje vekt på å få trafikken vekk frå sentrum og å få opp fart og vinterregularitet
  • E16 Filefjell er vintersikker, men utgjer lengst køyreavstand Oslo–Bergen. Vegen skal likevel fullførast og vil vere ein viktig avlastningsveg når andre overgangar er stengde. Vegen skal også tene dei områda han gjer i dag.

E134 over Haukelifjell er valt som stamveg nummer ein mellom aust og vest.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sjf.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no