Fotoet er vinnaren av fotokonkurransen om klimaomstilling

Eric Sadorge

No kan du føreslå kandidatar til klima- og miljøprisen!

Kjenner du nokon som fortener den fyrste klima- og miljøprisen i Sogn og Fjordane? Nokon som har gjort ein god innsats for å skape blest om klimautfordringane og nye løysingar?

I juni vedtok fylkestinget Regional plan for klimaomstilling 2018–2021, som slår fast at det skal etablerast ein klima- og miljøpris i Sogn og Fjordane. Prisen skal vere til heider for einskildpersonar, lag, organisasjonar og verksemder som har utmerka seg innan klima- og miljøarbeidet i året som gjekk, eller som har gjort ein stor innsats over tid. Det føregår mykje godt klima- og miljøarbeid i Sogn og Fjordane, og føremålet med prisen er å hjelpe fram og inspirere denne innsatsen.

Prisen er på 50 000 kr og eit diplom. Utdelinga av årets pris vil skje i fylkestinget i fyrste del av 2019. Det er no mogeleg for alle å føreslå gode kandidatar. Frist for innspel er 31. desember 2018.

Her finn du skjema for nominasjonar og meir informasjon om prisen

Du kan også sende nominasjonen på e-post: post@sfj.no (merk med «Nominasjon til klima- og miljøpris (ESA 18/6603)»).

Eller brevpost:

Sogn og Fjordane fylkeskommune, 
Askedalen 2
6863 Leikanger

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette